Bjørn Birkeland. (foto: øystein moi )

Ja- dette er ei reportasje om ei nyopnng av fjoset til Terje og Elin, på Birkeland
i Evje & Hornnes kommune.
Eg vel likevel å starte dette kapittelet med eit historisk tilbakeblikk. Til året 1970.
Det var dette året Bjørn Birkeland, far til Terje, bygde seg bustadhus her
på dette aude slettelandet på vestsida av Otra.Her var langt mellom grøne grasstrå
og kraftfull Timotei. Bjørn Hadde ein plan. I 1975 tok han til med nydyrking. Bureising.
Det fyrste grasfrøet fann sin plass i nydyrka jord.
I dag omfamnar Birkelanf Gård meir enn 400 da med produktiv jord. Alt er sjølveigd.
Her er leigejord langt på veg eit framandord

Dagen i dag vart nok ei sterk oppleving for heidersmannen Bjørn. Gründeren 
røyrleggjar,en gardbrukaren og ein særs omtykt bygdemann. I dag heldt han seg
i bakgrunnen. I dag var det Terje som vart heidra for sinn innsats. Ein fagmann
det stend stor respekt av. Ein himlande triveleg kar. Utan atterhald. ( foto: øystein moi )

 


Heile fjoset er bygd i tre - og grunnflata er på heile 1800 kvm. Her er det kjemisk fritt for 
blankpolerte robotar og tekniske duppedittar i alle regnbogens fargar.
- Det einaste av tekniske hjelpemiddel her er lampene i taket - og ei lita gjødselskrape 
borte attmed veggen der, smilar Elin. - Det er slik eg vil ha det. Tett kontakt med dyra.
Roleg og lun atmosfære. Ein triveleg stad for folk og fe.
Elin blunkar lunt i retning av Terje. Fjosbenken er aldri langt unna. (foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Den lokale skogbrukssjefen, Inge Eftevand, hadde ein strålande dag.
Ein ny driftsbygning,oppført i 100% trevirke, må vere som ein våt draum
for ein skogbrukssjef. (foto: øystein moi )

 


Jakob. 6 grillpylser og eit dugeleg kakestykke med kremfløyte og marsipan vil
truleg setje varige spor i den aldrande lekamen. ( foto: øystein moi )

 


Dei fleste landbrukstoppane, med nedslagsfelt på Agder, var hjarteleg tilstades
på fjosopninga. T.v. Gunnar Bjørndal (regionsleiar iTyr) og Kåre Blålid, fylkesleiar
i Aust-Agder Sau & Geit . (foto: øystein moi )

 


Marit Gunn Tveit, nestleiar i Aust-Agder Bondelag, øverekte ein fargerik blomekvast-
med tilhøyrande lykkeønskinger og gode ord. Terje er lokallagsleiar i Evje & Hornes
Bondelag. (foto: øystein moi )

 


Med 24 mjølkekyr i "gamlefjoset" - og med plass til 130 storfe i nybygget ,er sjølvsagt
jordvern  og omsut for matjorda eit viktig del av daglegtalen på Birkeland Gård.
(foto: øystein moi )