- Ja la meg få sagt det klårt og tydeleg, no med det same. Det er svigermor som he baka kaka. Handverk av aller beste slag.
Eg er på vitjing hjå Kristian Foss, gardbrukar på Holt. Tvedestrand kommune - og berre eit par dryge steinkast unna den vidgjetne landbruksskulen som gjennom tidene he fostra så mange stolte og dugande gardbrukarar.
Kjærasten Veslemøy er oppteken med heilt andre gjeremål no om dagen. Kakebakinga lyt vente til eit seinare høve.
Den nye gardsguten Håkon, kom til verda for knapt 14 dagar sidan. Der er det sjølvsagt heilt andre ting enn Fyrstekake som er hovudretten no om dagen.

- Heilt sidan eg var ein liten krabat og stabba rundt i stuttebukser og fotformsko så har eg hatt ein drøym, eit ynskje, om å verte bonde.
Brått tok livsvegen ei anna retning. Eg utdanna meg til tømmermann. I ettertid, når eg endeleg vart bonde - ja då ser eg sjølvsagt at denne utdanninga ikkje var bortkasta. Ikkje på noko vis.

Det er velstelt på garden. Triveleg i tunet.
Den gamle uthuset vart jamna med jorda - og i 2016 kunne Kristian take i bruk ein ny og moderne driftsbygning. Innehuset ser nytt ut, sjølv om det nok he stått på garden sidan lenge før Kristian kom til denne verda. Det er berre grunnmuren som ber bod om farne tider. Ei herleg blanding av gamalt og nytt.
Tømmermannen he gjort ein god jobb. Fagbrevet er vel fortent.


Foto: øystein moi

Garden, omlag 250 da, vart kjøpt på den opne marknaden. Marknadspris.
Heile drifta i dag er tufta på leigejord. Det skal mykje gras til for å mette 250 sauer gjennom ein lang vintersesong. Til garden hører det berre omlag 20 da med jord som kan nyttast til dette formålet.

- Eg trur beint fram at eg no he fenge tak i nok gras til heile vintersesongen. Det vart på mange måtar ein hektisk sumar.Traktoren og vatningspumpa  sveiv, utan kvilepause, i meir enn fem veker. Sjølvsagt er eg heldig som he eit lite vatn som ligg like  bak garden - attom åskammen der, seier Kristian, vel vitande om at han var meir heldig enn mange av sine yrkesbrødre.
-  Då tørken slo til for fullt fekk eg og tilbod om å slå meir enn 100 da med gras som til vanleg berre ligg brakk, eller som i beste fall vert barbert med ein beitepussar. Areal som vanlegvis er for blaute til at ein kan kome utpå med dagens store og moderne maskinpark.
I år vart desse jordlappane gull verd. Og meir til.


Veslemøy og Håkon. Sjølvsagt måtte dei ein tur ut på tunet for å sjå nærare på denne merkelege bladfyken. Utsendinga frå Bondelaget.  ( foto: øystein moi )

 

- Ja eg tykkjer mange tider at bøndene syter og klager for mykje. Veret kan me gjere så forbaska lite med.
Ein dag er det tørken som er problemet, ein annan dag regner det for mykje. Så kjem snøvinteren med stengde vegar og strøymløyse. Nei lat oss heller brette opp armene på kjeledressen, sjå moglegheitene - og ikkje minst finne løysinger i kvardagen. Dagen i dag, eller framtida for den saks skuld, er då ikkje kolsvart. Tvert om.
Me har mykje å vere takksame for i dette fantastiske landet vårt. Landbrukssamvirket t.d. Ei ordning som er gull verd. Tenk at Nortura beint fram he mottaksplikt på kjøtet vårt - sjølv på dagar når det meste går oss i mot.
Eg trur mange av våre kolleger, på hi sida av Skagerak, misunner oss nettopp den ordninga. Me treng og dei private slakteria. Det har aldri vore nokon ulempe med ein viss grad av sunn konkurranse i marknaden.
Ja sjølv he eg ikkje noko val. Næraste grannen til pappa er sjåfør hjå Nortura.
Kristian smilar varsamt. Lun humor. Glimt i augo.
Gardshunden, ei genetisk blanding av det aller meste som finnast i nabolaget, forsyner seg av kakefatet. Siste rest av Fyrstekaka. Like greit at ikkje svigermor fekk med seg den hendinga.


Foto: øystein moi

- Ein høyrer stadig omkvervet om at bonden he eit einsamt yrke. Sjølvsagt kan det gå nokre dagar utan at ein talar med andre enn seg sjølve. Eg likar det slik. Eg trivast i mitt eige selskap. Når eg treng hjelp til eit eller anna, eller når eg saknar den gode samtalen ute på tunet, ja då er korkje naboen eller  kameratflokken meir enn eit kjapt tastetrykk unna.
Ja så må eg for all del ikkje gløyme Veslemøy i denne samanhengen. Min aller beste støttespelar og samtalepartner. Det er tross alt oss to som held liv i denne verksemda. Kvar på sin måte.

Kristian Foss er og medlem av Bondelaget.
- Ein naturleg møteplass for sambygdinger med dei  same interessene som meg sjølve. Ein arena for sosialt samkvem, fagleg påfyll - og ikkje minst det som eg reknar for mi eiga fagforening.
Bønder er tross alt som folk flest. Det er viktig med eit nettverk. Både fagleg og sosialt. Privat - og på jobb.

Våren 2020 må Kristian tinge seg nye visittkort. Då vil han, dersom alt går etter oppsett køyreplan, kunne kalle seg for agronom. Lærestaden ligg  i næraste grannelaget og tømmermannen kan alt no melde om trivelege studiekveldar - eit omfattande, spanande og læreikt kompendium. Eit framifrå studentmiljø.
Saueflokken, 250 i talet, he nett kome seg trygt ned frå fjellbeite i Fyresdal. Kaffekanna er tom. Gardshunden åt opp kaka - og sanneleg så er Kristian Foss nominert til å få heiderstittelen som  "Årets unge bonde."i den nasjonale og prestisjetunge tevlinga som gjeng føre seg no om dagen.
Vel fortent.


Kristian, Veslemøy og Håkon. Olav (9) var på skulen og vart såleis ikkje med på bilete.
(foto: øystein moi )