Dei 13 ulike lokallaga i Vest-Agder hadde frist fram til 19. februar for å kome med sine innspel til jordbruksforhandlingene. Desse bidraga ligg i dag på styrebordet, og i løpet av ein lang dag her på kontoret skal dei utvalde i fylkesstyret kunne sende eit sameint forslag / innspel inn til Norges Bondelag.

Landet vårt he som kjend fenge ein ny landbruksminister sidan forrige forhandlingsrunde. Det er likevel lite som tyder på at me samstundes he fenge ein ny landbrukspolitikk.
Det er liten tvil, på tvers av partigrensene, om at jordbruksforhandlinegene 2016 vert ei særs krevjande øving.
Den politiske avstanden mellom regjeringa og bøndene er etter vårt skjøn like stor som tidlegare. 
Det mange spør seg om er kva for retorisk line statsråd Dale vil leggje seg på i forhandlingene som no ligg framføre oss. Spursmålet er om han vil vidareføre den tøffe, og stundom konfronterande, ordbruken som forgjengaren  Sylvi Listhaug ved fleire høve gjorde seg  bruk av.
Alternativet er å leggje opp til ein meir mjuk / audmjuk dialog med næringa....

Eit viktig styremøte i Vest - Agder Bondelag. Kalenderen syner 29. februar. Innspel til jordbruksforhandlingene er eit viktig punkt på ei lang saksliste. F.v. Anne Lill F. Roland, Finn Aasheim, Tor Erik Leland, Åge Gyland, Tønnes Oksefjell og Inger Liv Røyter Thoresen. ( foto: øystein moi )