- Det har vært et fantastisk eventyr, en fantastisk reise, seier Jakob på klingande bymål. I meir enn 40 år he han vore bøndene sin rådgjevar. I medgang - og i motgang. Ein framifrå fagmann, og ein god ven å stø seg til når motbakkane har vorte for bratte. Mang ei livskrise har vorte løyst øve ein kopp kaffe kring kjøkkenbordet.
Gjennom si teneste for landbruksrådgjevinga he Jakob møtt bønder frå Vennesla i sør - til Bjåen i nord.
- Bortsett frå eit par uhelbredelege karar så he eg berre møtt gilde folk, seier Jakob med eit lurt smil.
Mannen som allstøtt vert helsa velkomen når han svingar inn på gardstunet ein eller annan stad på Agder.

Ei epoke, ein tidsbolk i vår lokale landbrukshistorie er snart sluttført.. Den 31. oktober er det slutt for Jakob. Då vert han alderstrygda. Då låser han kontordøra for siste gong.
- Tida er mogen. Eg gler meg storvegs til dette seier landbruksrådgjevaren med eit stort smil.
- Eg gler meg til eit nytt liv som krabbefiskar på Flekkerøya.

På vegne av hundrevis av bønder, gode vener og kolleger av ulike slag - vil me ynskje Jakob lukke til vidare på livsvegen.


Foto: øystein moi