I fylgje truverdige kjelder  er det omlag 1850 personar som denne hausten er innskrivne i manntalet i Sirdal kommune. I påskehøgtida, når det fyllast opp i 4500 hytter, og meir enn 1000 campingvogner, ja då passerer truleg folketalet meir enn 25 000 innbyggjarar. Ei stor utfordring for både fastbuande og for tilreisande.  Ei utfordring kor ein er heilt avhengig av eit samspel mellom t.d. landbruksnæringa og turistnæringa. To viktige aktørar i Sirdal. To aktørar som samstundes er heilt avhengige av kvarandre,


To næringer som er heilt avhengige av kvarandre. Bilete talar sitt eige språk.
(Foto: øystein moi)

 


(foto: øystein moi )

På Fidjeland, heilt øvst i Sirdal, møter med Siri Fidjeland og Thomas Nygård. I fjoset har dei omlag 60 vinterfora sau - og på heia, like ovanfor gardstunet, har dei lagt ut meir enn 100 hyttetomter.
Thomas har ein fot - eller to, innanfor oljebransjen i Stavanger, medan Siri er gardbrukar på heiltid.
Det er stundom tøft å drive med sauehald så langt oppe i fjellheimen. Samanlikna med t.d. Jæren, kor dyra går ute nærast heile året, er det sjeldan Siri og Thomas kan sleppe ut dyra sine ut på beite før dagen då sambygdingane heiser flagget og feirer Grunnlovsdagen,
Dei trivast godt. Dei he eit godt liv - og dei smiler til kvarandre.
- Me driv ikkje med sau for å verte rike, smilar Thomas.
- Det er meir tale om ein livsstil. Livskvalitet.


Frå hyttefeltet til Siri og Thomas. Nydyrking - og beitande sau få meter frå hyttetunet.
Ein ballansegang. Dialog og samarbeid er heilt avgjerande. (foto: øystein moi )

 

Me set kursen vidare nedetter dalen. Mot kommunesenteret Tonstad. Mellom høge fjell og nyslåtte grasteigar i den vesle grenda Hompland, møter me det unge ekteparet Lars Johan og Grete Lindeland.
Ei mjølkekvote på 130 000 liter, i tillegg til sauehald og ein flokk med mellomkalvar syter for eit greit livsgrunnlag for den unge familien.
- Me trivast her. Ein triveleg stad å vere bonde, seier Lars Johan. Grete ser på ektemannen - ho blunkar..
Dei er samde.


Grete og Lars Johan Lindeland  (foto: øystein moi )

 

På Josdal, øvst i den bratte lia attmed kommunesenteret , vert med teken vel i mot av Vidar og Oddveig. Etternamnet er Omdal.
I det nye uthuset, nærare bestemt i verkstaden, tek med bordsete. Oddveig serverer heimebaka - og kortreiste lefser, med tilhøyrande kruttsterk kokekaffe,
Tre trivelege ungar undrast nok eit grann på det tilreisande reisefyet. Det vert ei triveleg matøkt - og ein god samtale.


Vidar og Oddveig. Borna er f.v. Gabriel, Runar og Alma  ( foto: øystein moi )

Oddveig er tilsett som vernepleiar i det kommunale  helsestellet medan
Vidar er på lønningslista hjådet lokale kraftselskapet.
50 vinterfora sauer og to velfødde hestar er
og vel integrerte medlemmer av den trivelege storfamilien.
Vidar og Oddveig har planar om at dei ei gong, om ikkje så brått, 
kan starte opp som  som eit tilbod innanfor fagfeltet Inn på tunet.
Nytt hus. Nytt uthus. Trivelege folk - og gode lefser.
Grunnlaget er lagt. Framtida tykkjest vere ljos.
På Josdal,

 


Foto: øystein moi

 

 

 


Takk til sjølvaste ordføraren, Jonny Liland, som kom og kasta glans og vyrdnad
øve stunda. Takk til Sirdal Bondelag - og takk til Tor Arne Liland,

(foto: øystyein moi )