Ein skuledag dei seint vil gløyme

Alv Vinjerui og Inger Liv Thoresen er busette på garden Nyberg, i Vennesla kommune. Ikkje så himla langt unna handelssenteret på Hægeland. Dugande gardbrukarar og framifrå ambassadørar for næringa vår. Kvart einaste år fær dei vitjing av ein skuleklasse frå bygda. Pedagogane ved Eikeland skule he verkeleg skjønt korleis dei skal tolke både Mønsterplanen og Kunnskapsløftet.
På våren, når elevane - dei unge hægedølane- gjeng i 3. klasse, så vert dei beden heim i fjoset til Alv og Inger Liv. Her fær dei sjå starten på sjølve livet. Byrjinga på livsvegen. Det å sjå eit lite lam kome til verda gjer sterke inntrykk på dei små. Ei fantastisk oppleving. Ein skuledag dei seint vil gløyme.
På hausten, seinast no på fredag den 7. september, vert elevane med på ein tur høgt til fjells. Til grenseområda mellom Setesdal og Sirdal. Til Roskreppfjorden.
Det er tid for å hente sauene heim frå sumarbeite. Det er spanande for 4.klassingane om dei då kan finne att "sitt eige lam" som dei merka heime på Hægeland, like etter fødselen.
Dette er ein lang og hektisk dag. Avreise frå landhandelen i heimbygda alt klokka 05:00 om morgonen - og heime i god tid før Dagsrevyen.
Kring leirbålet, attmed Roskreppfjorden , steiker dei pylser, flesk frå Hægeland - og Inger Liv sine velsmakande vaffler.
Når elevane tek til på det femte klassetrinnet - ja då er det tid for ein ny bolk på livsvegen.
Då er det tid for slakting heime på tunet hjå Alv og Inger Liv. På Nyberg.
Ei ny sterk oppleving. Eit nytt kapittel i naturfagboka.
Den reportasjen kjem me attende til ved eit seinare høve. Ein reportasje i ord og bilete.
Ikkje rart at ungane trivast i lag med denne læraren. Pedagogen. Alv Vinjerui.
(foto: øystein moi )