Sjefen sjølve, gjennom mange år, Finn Aasheim, har takka ja til eit gullkanta tilbod om rolegare dagar og fast dagløn frå statskassa,
På nyåret, ei gong i løpet av mars månad, vert organisasjonssjefen i Agder Bondelag  pensjonist. Han leverer frå seg  nøkelen til kontorlandskapet i Gyldenløvesgate - ein kontorstol vert ledig. Ei kontordør stend open.

For oss to attlevande kolleger på kontoret vert det brått ei ny og spanande tid. 
Ei ny sjef,ein ny kollega, skal take over kommandoen i det velbrukte hjørnekontoret. 
Kvardagen vert aldri den same. 
Me gler oss samstundes til komande, trivelege og meiningsfylte dagar i teneste for Bondelaget. I lag med ein  ny sjef. Ein  ny kollega.

Har du sjølv tankar om eigen kontorstol  "midt i byen" - eller kjenner du nokon som du meiner kan vere godt brukande til denne spanande jobben, ja då kan du byrje med å lese den rykande ferske utlysingsteksta her:

Organisasjonssjef i Agder - Agrojobb

No vert han alderstrygda, organisasjonssjefen i Agder Bondelag, Finn Aasheim.
I god tid før påskehøgtida skal ein ny sjef vere på plass på Agderkontoret.

(foto: øystein moi )