Han vart eit grann ottefull, ordførar Oddmund Ljosland, då klokka nærma seg 11:30 - og ingen statsråd var i sikte. Ein rask telefon til Sylvi stadfesta at reisefyet nett hadde passert Kylland, og var såleis berre få minutt unna stemneplassen. ( foto: øystein moi )

Anna og Frode Forgard, Gardsvegen 110 i Åseral, he investert kring 4 millionar kroner i det som skal vere eit av landets mest moderne sauefjos. Her skal det vere høveleg plass til kring 400 sauar når tida er mogen for det.
Tysdag, i middagsbelet, var det reine folkevandringa gjennom hovudgata i Kyrkjebygda. Ordførar Oddmund Ljosland omtala det heile som ein festdag i kommunen, og truleg er det berre på sjølvaste Grunnlovsdagen kvart år at det elles er samla så mykje folk under eitt og same tak i Åseral.
Ein stad mellom 200 - 300 skodelystne frå båe agderfylka var samla til offisiell opning av det nye sauefjoset. Fleire ordførarar, landbruksdirektøren, fylkesmannen, landbruksministeren, kringkastinga, Jon Leif Eikås og Arna Berg medrekna.


Endeleg kunne dei halde kring kvarandre. Ordføraren og statsråden. Oddmund og Sylvi. ( foto: øystein moi )

Det vart sagt mykje fint om sauebøndene i Vest-Agder, om åsdølane, om norsk matproduksjon om framtidstru i landbruket - og om investeringsvilje blant unge bønder. 
Oddmund omtala statsråden på ein heiderleg måte og kunne samstundes nemne at talet på vinterfora sau i Åseral hadde auka sidan Listhaug tok styringa i landbruksdepartementet.
Meir enn 33 000 sau vert kvart år send på sumarbeite i fjellområda i Vest-Agder. I tillegg kjem og nokre tusen slektsfrender frå Rogaland som og finn seg til rette i m.a. Åseral og Sirdal. Det er likevel plass til omlag 10 000 fleire dyr i desse fjellområda, og med den entusiasmen, og det pågangsmotet, som no syner seg i sauenæringa er det mykje som tyder på at dette talet snart vert nådd.

Statsråden helsa møtelyden med venlege og velvalde ord. Ingen politiske avsløringer. Ingen sårande stikk til korkje høgre eller venstre i det politiske landskapet. Dette var dagen for fest og glede. Dette var dagen for samhald og framtidstru. Dette var dagen for tradisjonsmat frå Åseral - og stuttreiste grillpylser frå Nortura.
- Me treng fleire bønder i Noreg. Fleire proffe, heiltidsbønder. Både store og små. Skal me lukkast med dette må me og syte for å utnytte naturressursane våre på ein stadig betre måte, avslutta statsråden før ho klyppa snora inn til det topp moderne sauefjoset.
Statsråden fekk solid applaus frå eit sjeldant stort publikum. Allmogen åt seg stappmette på grilla suekjøt, pylser og heimelag lefser. I fjoset.
I den kommunale storstoga, kulturhuset "Minne" stod bordet dekka til dei meir prominente gjestane. På matsetelen stod det "lokalmat frå Åseral." Fuglane må vete kva dette var. Den utskremde bladfyken frå Bondelaget kom aldri inn i den varmen...

 

Fyrst kom Nina - så kom Sylvi. Til Åseral. ( foto: øystein moi )

 

I Åseral bør yrkesvalet vere rimeleg enkelt for den oppveksande slekta. ( foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

Den røynde suebonden, fagmannen og heidersmannen Sven Haughom stod i fjosdøra og ynskte folk velkomen til gards.  Samstundes sytte Sven for at alle som ville inn i fjoset fekk blåblå plastposar til å trekkje over skorne. ( foto: øystein moi )

Trond Steinar Løvdal er tilsett i samyrkjesamskipnaden Nortura, og han hadde ful jobb med å servere grillpylser til den skrubbsvoltne møtelyden. Takk for maten. (foto: øystein moi )

Det var stundom lang kø av skodelystne som ville inn i den nye storstova i Åseral. ( foto: øystein moi )

Stuttreist mat. Tradisjonsmat av aller beste slag.( foto: øystein moi )

Rett og slett - himla godt .....     ( foto: øystein moi )

Sjeldan er så mykje folk samla under eitt og same tak i Åseral. Fleire hundre skodelystne møtte fram for å høyre statsråden tale om framtida for norsk landbruk. Framtida for norsk sauehald. ( foto: øystein moi)

Fylkesmannen i Vest-Agder, Ann - Kristin Olsen, måtte brøyte seg veg blant trauste sauebønder og ihuga bladfyker då ho skulle fram til talarstolen. ( foto: øystein moi )

Mannen som ingen kan målbinde. Ordførar i Audnedal kommune, Tønnes Seland, leia folkefesten på ein framifrå måte. Som alltid. ( foto: øystein moi )

Den blidaste grisebonden sør for Dovre, Jon Leif Eikås frå Søgne, var hjarteleg tilstades.( foto: øystein moi)

Ein stor dag for leiaren av "saueprosjektet" i Vest-Agder, Ove Myklebust. ( foto: øystein moi )

- Skal vete kva dei tenkjer på ein slik dag, foreldregenerasjonen med heidersplass på fjosveggen ....   ( foto: øystein moi ) 

 

Her kan du sjå reportasje frå NRK