Dyrsku i Seljord - august 2018

(foto: øystein moi)
Blant 90 000 skodelystne var det og plass til ein utsendt bladfyk frå Bondelagets Agderkontor. Ein strålande laurdag på stemneplassen. Den største mat- og landbruksmessa i heile landet. Ein folkefest av dei heilt sjeldne. Her serverer me nokre små glimt av kva me fekk sjå gjennom kameralinsa.
Travle dagar i billettluka når 90 000 skodelystne skal løyse billett.
(foto: øystein moi )
Morosame dagar for dei yngste - på tivoli.
(foto: øystein moi )
Foto: øystein moi
Ein trugen mann i motstandsrørsla. John Øyslebø dukker ofteopp kor godtfolk møtast.Ein heidersmann. Ein bondeven. (foto: øystein moi)
Pylse og stappe er aldri feil på slik ein dag. (foto: øystein moi )
Mange reiste heim med kvar sin palle med spekepylse. (foto: øystein moi )
Foto: øystein moi
Her, i dette teltet var det kø heile dagen. God mat. Trygg mat. Kortreist mat.
... og rådyrpylse frå Østerdalen. (foto: øystein moi )
Han såg etter kjerringa. Som å leite etter nåla i ein høystakk. (Foto: øystein moi)
Demonstrasjon av gardssag. Det var fleire slike på Seljord. Publikumsmagnet.
(foto: øystein moi )
Rosa traktor - ja kvifor ikkje ..
(øystein moi )
Er du det minste i tvil - ja så er det hjelp å få i Seljord. På Dyrsku'n.
(foto: øystein moi )
Foto: øystein moi
Foto: øystein moi
Foto: øystein moi
Foto: øystein moi
Djupe toner. Djupe tankar. Frelsesarmeen er allstøtt velkomne.
(Foto: øystein moi)
Ja - ho hadde dei aller finaste knivane. Ho hadde glimt i båe augo. Ei stasleg jente.
(foto: øystein moi )
Kultur. Talent. Vakkert.
(foto: øystein moi )
Foto: øystein moi
God apetitt. (foto: øystein moi )
Fylkesleiaren i Aust-Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit stod på stand for Bondelaget.
Han hadde god hjelp av kjærasten Siri. Dei løyste oppgåva på ein framifrå måte båe to.
Gilde folk. Gode ambassadørar for næringa vår.
(foto: øystein moi )
Lat det vere klinkande klårt. Knut Erik er ein dugande gardbrukar - men som seljar
i tekstilbransja he han framleis mykje å lære. (foto: øystein moi