Garden "der heime" på Jortveit i Evje & Hornnes kommune.( foto: øystein moi )

Gunnar Bjørndal er lokallagsleiar i Evje & Hornnes Bondelag. Ein venesæl gut som så avgjort he tru på ei framtid for landbruket i indre Agder. 
Han legg likevel ikkje skjul på at han i desse dagar ser klåre teikn på at gjeldande landbrukspolitikk dreg i feil retning.Når eg etter kvart bringer namnet til landbruksministeren inn på banen er det mest som eg ser at smilet er i ferd med å forsvinne hjå Gunnar. Låtten er i alle fall heilt fråverande - eit lite bel.
- Sylvi Listhaug legg på mange måtar opp ei låm som gjer at landbruket på bygdene etter kvart vil forsvinne. Alt i dag er det mange bygder i t.d. Setesdal kor det ikkje finnast eit einaste firbeint dyr å sjå. Landskapet gror att, og snart er det berre minnene attende når det gjeld landbruk over heile landet, eit velstelld naturlandskap - og levande bygder.
Historiebøkene må skrivast om. Lærebøkene for folkeskulen kan leggjast i hyllene på det kommunale museet.

Far til Gunnar, Georg Bjørndal, tykkjer sjølvsagt det er svært gilt at neste generasjon held fram med drifta på slektsgarden. Sjølv er han alderstrygda
Gunnar Bjørndal er så avgjort optimist på vegne av næringa, sjølv om han heilt friviljug innrømmer at dette er eit yrke han aldri vert rik av. Då meiner han sjølvsagt rik på kroner og øre.

Han er stolt av ha ein jobb kor han er sin eigen arbeidsgjevar, kor han kan styre dagane etter eige hovud, kor ikkje to dagar er like - og ikkje minst at han kan leve i tett kompaniskap med naturen, dei fire årstidene, med fuglar og dyr -  og ikkje minst få oppleve det fantastiske samspelet som berre Skaparverket kan framsyne. I allefall i Dåsvannsdalen.

Så snart det  siste strøket med kvit takmåling er på plass , og så snart den autoriserte elektrikaren fær kopla strøym på ljospærene, kan flokken med ammekyr take plass i den brenn nye driftsbygningen. Her bør dei kunne trivast, både folk og fe. ( foto: øystein moi )

Ingen skal vere det minste i tvil om at Gunnar Bjørndal, bondelagsleiaren, he tru på framtida.
Siste året he han tappa bankkontoen for meir enn 4 millionar kroner - alt for å stå betre rusta inn i ei spanande framtid for norsk matproduksjon, og ikkje minst for å leggje tilhøva til rette for ein betre kvardag på bruksnr.1 - der heime, på Jortveit. Han he investert i eigen arbeidplass. I trivsel, nyskaping og effektivisering. 

På tunet stend ein flunkande ny Fendt traktor. Detaljane om dette maskineriet er så omfattande at bladfyken såg det nytteslaust å byrje på ei sakleg utgreiing. Her var det tal og bokstavar i ein uskjøneleg, internasjonal kombinasjon. Både på norsk - og på utanlandsk. Det einaste eg i grunnen skjønte noke av var at både gasspedal og gear-stong no er byta ut med ein topp moderne EDB-maskin...
Dette er likevel ein heilt naudsynt reiskap når Gunnar tek ansvar for milevis med kommunale vegar i vinterhalvåret. Brøyting og strøing er ein del av arbeidsdagen, og ikkje minst nettene,i den kalde årstida.
Denne verksemda stend for omlag halve inntekta, og ein fjerdepart av den totale arbeidsinnsatsen på garden.
Ei heilt naudsynt attåtnæring for å få endane til å møtast.

For eit lite bel sidantok Gunnar i bruk ein heilt ny driftsbygning. I den eine enden vert det bustad for omlag 40 ammekyr, medan det i den andre halvdelen er gjort plass for verkstad og lagerplass.
I andre høgda er tanken at det med tida skal innreiast til eit triveleg møterom. Eit "miljørom" kor Gunnar kan samle gode vener, og nære skyldfolk, til festleg lag, til viktige møter - eller til den gode samtalen. Dei gode historiene.

 Når grøda skal i hus he Gunnar Bjørndal omlag 450 mål med grasavling som skal haustast. Av dette er omlag 200 mål leigejord.

Kyrne kan boltre seg på omlag 100 mål med beite. Stuttreist mat av beste slag.
 

Attende til landbrukspolitikken. - Eg tykkjer Bondelaget gjer ein god innsats på vegne av norske bønder. På vegne av medlemsmassa - og ikkje minst på vegne av det norske folk.
Ingen tvil om at bøndene i dag he brei støtte hjå folk flest. Dette såg me t.d. heilt klårt då me for eit par år sidan var på demonstrasjon i hovudstaden. Folk stod i vegkanten og heia på oss frå Landbrukets Hus, gjennom store delar av oslogryta - og like fram til Stortinget. Slikt varmar både lekam og sjel.

Når det gjeld det velbrukte og moderne  omkvervet heiltidsbonde så passar ikkje dette inn i det sørlandske vokabularet. I alle fall ikkje når du kjem meir enn fem kilometer inn i landet -  bort frå makrellstimen og hummerteinene. Dette bør einkvan kviskre Sylvi Listhaug i øyro. Ho he ikkje heilt skjønt detta. Ikkje Siv Jensen heller - for den saks skuld ......

Gunnar Bjørndal ser på klokka. Gardsguten er reist til Evje for å hente meir takmåling. Elektrikaren he framleis ikkje synt seg. Timeplanen er tettpakka. Logistikken er utfordrande.

Me finn likevel tid til ei ny saftig historie frå Dåsvannsdalen før me nevast, og tek avskil, ute på tunet.

- Eg gløymde forreten å nemne ein ting, roper optimisten, humoristen og bondelagsleiaren.
- Eg he bygd den nye driftsbygningen så fleksibel som det let seg gjere. Dersom me ikkje fær stogga Sylvi Listhaug, Siv Jensen - og Framstegspartiet i tide, så kan eg i løpet av eit par dagar gjere heile sulamitten om til ein framifrå lagringsplass for plastbåtar, bubilar og campingvognar ...
Me talast !!!