• Min første reaksjon er at dette heilt klart er eit krav med lite prutningsmon.

Tala syner at mjølkeproduksjonen er prioritert  - og at grovforbaserte produksjonar som sau og ammekyr og får eit visst løft m.a. gjennom auka beitetilskot.

Det er og eit faktum at det på Agder er stort behov for store investeringsmidler i samband med oppfølging av det mykje omtala lausdriftskravet.
Med ei generell grense, tilskotstak for investeringer, er sett til fem millinar kroner – er det ei tilskotsgrense for investeringer i samband med lausdriftskravet på 6 millionar.

Maksimalt tilskot er samstundes auka frå 40- 50 %

Det er og viktig å merke seg at tilskot til velferdstiltak i næringa  er foreslått auka til kr 150 000 pr. foretak.

Alt i alt eit nøkternt, godt og på mange måtar eit framtidsretta krav – men det er altså lite prutningsmon på desse tala, avsluttar ein særs travel fylkesleiar i same augneblink som startskotet går for årets jordbruksoppgjer. Det viktigaste på mange, mange år.

 

Agder Bondelag har også i år lagt ned eit omfattande arbeid i forkant av dei årvisse jordbruksforhandlingene.

Av mange omtala som dei viktigaste forhandlingane på mange, mange år.

Alle dei 26 lokallaga, tilhøyrande Agder Bondelag, har levert sine eigne innspel til jordbruksforhandlingene, og fylkeslaget har og hatt tett dialog med mange ulike faglag i regionen. FK Rogaland Agder, Nortura, Norsvin Agder, fylkeslaga i Sau og Geit, Birøkterlaget og Geno – for å nemne nokon.

I dag, klokka 10:00 leverte Norges Bondelag, på vegne av næringa, sitt krav til staten – og årets jordbruksforhandlinger er for alvor i gang.

 

Ramma på kravet er 6,9 mrd.kr, kor kostnadsdekning er 1,1 mrd.kr. og kompensasjon for tapte inntekter i 201-2023 er 888 mill.kr.
Kravet vil gje ein samla inntektsvekst på 171.300 kr per årsverk, og av dette går 120.000 kr til å tette inntektsgapet mellom bonden og andre grupper.

Det har over tid etablert seg ei avventande holdning i landbruket til kor mange som lurer på om dei verkeleg skal fortsette i næringa, og unge tvilar på om dei vil inn i næringa. Skal bøndene kunne levere mat til befolkninga i framtida, med dei krav som stillast til berekraft og kvalitet, må det vere lønsamt for bonden.