Dei er båe medlemmer av fylkesstyret i Vest-Agder, Kristin Skranefjell Eikeland (t.v.) og Inger Liv R. Thoresen. Her klargjer dei "fana" før inntogsmarsjen på kommunehuset i Iveland. (foto: øystein moi )

 


Alle skal med. Dette gjeld tross alt framtida for dei aller fleste av oss. Både to-beinte og fir-beinte ( foto:øystein moi )

 



Leiaren av Vest-Agder Bygdekvinnelag, Anne Lill F. Roland, med klår melding til landbruksministeren. ( foto: øystein moi )

 


Tre staute karar i venskapeleg ordskifte, få minutt før dei i samla flokk tok vegen til kommunehuset. ( foto: øystein moi )

 


Sjølv kyrne, etniske reinrasa ivelendinger, skjønte at noko stort hende i bygda denne føremiddagen. ( foto: øystein moi )

 



Foto: øystein moi 

 


Foto: øystein moi 

 


Storbonden frå Hornnes, den venesæle og kunnskapsrike Gunnar Bjørndal, er eit naturleg samlingspunkt kor godtfolk samlast. Til kvardag - og til fest. (foto: øystein moi )

 


Desse to flotte jentene syner for heile verda at dette er alvor. " Norge trenger bonden" seier dei i kor. Kristin Skranefjell Eikeland (t.v.) og Marit Gunn Tveit. Båe er dei medlem av kvart sitt fylkesstyre. Stolte matprodusentar frå kvar si side av fylkesgrensa. ( foto: øystein moi )

 


Her er mykje livsrøynsle og mykje fagkunnskap samla på eit par kvadratmeter kommunal eigedom i Iveland. F.v. Magne Thorvald Bakken, Per Try, Gunnar Hangeland og Sven Reiersen ( foto: øystein moi )

 


På grasvollen framføre kommunehuset. Lite kan måle seg med kommunalt gras til frukosten. (foto: øystein moi )

 


Sjølv eit folkevald styremedlem i Norges Bondelag (Birte Usland ) let seg lett sjarmere av slike ulldottar. ( foto: øystein moi )

 


Folksamt i resepsjonen på kommunehuset medan ein ventar på klarsignal frå Fylkesmannen. Han sit i 3. høgda - på lånt kontor. (foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi 

 


Tor Erik Leland førebur seg på å seie nokre velvalde ord til fylkesmannen. Her les han korrektur på manuskriptet. (foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


På veg opp til kontoret i 3. høgda. Til møte med sjølvaste Fylkesmannen. Fyrst av alle var leiaren i Iveland Bondelag, Tellef Honnemyr. Målretta - og med vakent blikk synte han veg for fylkesleiar Ulltveit. Fylkesleiaren med attlatne augo - berande på ei stille bøn. Dette er både høgtideleg og alvorleg. På same tid. ( foto: øystein moi )

 


Fylkesmann Stein A. Ytterdahl. (foto: øystein moi )

 


Båe fylkesleiarane var godt førebudde, og dei framførte bodskapen med truverde - og med klår røyst. (foto: øystein moi )

 


Fylkesmannen fekk med seg heim ei lokalprodusert skjerefjøl med inngravert tekst "Kjærleik til norsk mat."
Han fekk og med seg den håndskrevne talen til Knut Erik Ulltveit. Denne kan såleis hamne på bordet i Landbruksdepartementet i løpet av kort tid. Kven veit - Ulltveit er ein taktikar. Ein ringrev. Fylkesleiar og varaordførar. Ein gild gut på alle vis. (foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Dei var samde om det meste, ordførar Gro Anita Mykjåland - og bondehøvdingen Gunnar Hangeland. ( foto: øystein moi )

 


På vårt lag - ordførar Gro Anita Mykjåland. ( foto: øystein moi )