Då jærbuar og setesdølar møttes til ting
Den eldste busetjinga I Rogaland kan mykje truleg sporast attende til fjelltraktene i Ryfylke for meir enn 7000 år sidan. I grenselandet mot både Sirdal og Setesdal levde dette hardt arbeidande fjellfolket i tett kontakt med skaparverket - og i tett kontakt med grannefolket i aust. Slik er det framleis. Jamvel i dag møtast jærbonden- og setesdølen til felles sauesanking i Setesdal vesthei. Eit viktig - og heilt avgjerande samspel på tvers av etniske, kulturelle og religiøse skiljeliner. Denne veka vart det skipa til felles ting mellom dei to bondehærane. Frå Rogaland - og frå Agder. Nøyaktig 1144 år etter slaget ved Hafrsfjord.
Tidleg torsdag morgon rulla ein moderne turistbuss, tilhøyrande rutebilselskapet Risdal Touring, inn på haldeplassen på Harebakken i Arendal. Fyrst ombord i bussen var fylkesleiaren i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad. Snart kom dei sigande fram frå både Froland, Birkeland, Lillesand og Åraksbø.
Då me noko seinare på føremiddagen passerte Flekkefjord, hadde 47 bondevener frå heile Agder funne sin tildelte plass inne i rutebilen.
Målet var Stavanger, og for fyrste gong i moderne tid vart det skipa til felles leiarmøte for fylkesbondelaga i Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland.
Etter to spanande og lærerike dagar i tingsalen vart det heile avslutta med ei lang og triveleg økt på den store landbruksmessa Agrovisjon 2016.
Til slutt vil me nytte høvet til å takke våre trugne vener i Rogaland Bondelag for at Dykk tok vel i mot oss. Eit framifrå leiarmøte. Mykje gilde folk, fagleg påfyll og sosialt samvær.
No bør me alle vere godt førebudde til å handsame både jordbruksmeldinga, joprdbruksoppgjeret - og ikkje minst eit himla viktig stortingsval i september neste år.