Fyrste stopp på turen var hjå dette gilde og gjestfrie ekteparet, på garden  Liland i Sirdal.
Tor Arne og Tove er ihuga sauebønder og aktive friluftsfolk. Me fekk ei grundig omvisning
i sauefjoset før me alle tok bordsete inne i finstova. Gjestebod. Kaffe, potetkaker - og
"eit halvt tonn" med heimelaga karamellpudding. Eit måltid me seint vil gløyme.
(foto: øystein moi )

 


Tor Arne synte stolt fram ein eigenutvikla modell av ei transportvogn for sau.
(foto: øystein moi )

 


I sauefjoset på Liland var absolutt alt på stell. Ikkje så mykje som ein einaste
sauelort å oppdrive. Reinare enn på dei fleste kjøkkengolv. (foto: øystein moi )

 


Nestleiaren i Vest-Agder Bondelag, Åge Gyland, hadde jamnleg kontakt med sambuaren
heime på garden. Ein ny driftsbygning held på å reise seg  på tunet heime på Gyland
 - mange detaljar som skal på plass.  (foto: øystein moi )

 


Jentene kunne vanskeleg skjule at dei tykte det var moro på tur.
Turid Breistøl og Caroline Høyland. ( foto: øystein moi )

 


Marit Gunn Tveit (t.v.) og Kristin S. Eikeland var ihuga tilhøyrarar då Tor Arne fortalde om
gardsdrifta på Liland. (foto: øystein moi )

 


Samvirkerørsla, samvirketanken he gode kår på desse kantane av landet. ( foto: øystein moi )

 


Bernhard Arnevik og Turid Breistøl var skodd for det aller meste denne dagen ....
(foto: øystein moi )

 


På Virak, på vestsida av Sirdalsvatnet, fekk me ei grundig innføring i gardsdrifta av Andreas Liland.
Ungguten he investert tungt i både ny driftsbygning - og i ein handplukka flokk med storfe og sau.
Møtelyden lot seg imponere av både pågangsmot, innsatsvilje - og ikkje minst av ein triveleg
og gjestfri gardbrukar som tok i mot sine yrkesbrør ( og søstre) med stor innleving og med
stor fagleg kunnskap.  Me ynskjer Andreas lukke til vidare på livsvegen.
(foto: øystein moi )

 


Ny driftsbygning, tilhøyrande Andreas Liland.
(foto: øystein moi )

 


Kvar minste jordlapp vert effektivt utnytta til beite - og til forproduksjon.
Her, i dei bratte liene på vestsida av Sirdalsvatnet, er det ofte langt til neste granne.
Langt til neste slåtteteig.  (foto: øystein moi )
 

Andreas Liland i fri dressur .....
(foto: øystein moi )

 


Tilhøyrarane lot seg verkeleg imponere av den unge gardbrukaren på Virak.
Sjølv bringebærbonden frå Lyngdal, Karl Petter Vintland (t.v.) tykte dette var eit
spanande og lærerikt kompendium. (foto: øystein moi )

 


Så vil me nytte høvet til å takke desse trivelege ungdomane - og gardbrukarane
på Sira Gård, i Flekkefjord kommune. Åse og Frank Espen Gustafsson.
På låven vart det servert traktekaffe av aller beste slag - med tilhøyrande stuttreiste og
heimelaga  "kanelsnurrer."
Me må samstundes leggje til i teksta at Frank er leiar av Flekkefjord Bondelag.
Me fekk ei grundig orientering om gardsdrifta, om stoda i dag - og om spensttige
framtidsplanar. Takk for at me fekk kome. Takk for Dykkar gjestfridom.
(foto: øystein moi )

Neste dag, etter ei solid matøkt, valsending på fjernsynet - og nokre velfortente timar under
dyna, vart det skipa til felles styremøte for dei to fylkeslaga.


Brått var to gilde og lærerike dagar til ende.