Inger Liv R. Thoresen. Aktiv og dugande bondekjerring. Medlem av fylkesstyret i Vest-Agder - og ein matkunstnar av dei sjeldne. Kven guten i bakgrunnen er, fann eg aldri ut av. (foto: øystein moi )

 


Fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag, Knut Erik Ulltveit. Førebudd på det aller meste. Ny dressjakke og manuskriptet klart i innerlomma. Ulltveit heldt ein særs god tale. Dei sa det slik, mange av dei 300 utsendingane i tingsalen.
( foto: øystein moi )

 


Bringebærprodusenten frå Lyngdal, Karl Petter Vintland, var hjarteleg tilstades. Ein humørspreiar. Ein framifrå fagmann. ( foto: øystein moi )

 


Frolendingen Frank B. Sigvaldsen sjekker dei siste detaljane før han skal på talarstolen og fyre laus med klår tale og faglege innspel. Finn Aasheim kvalitetssikrar det heile. ( foto: øystein moi )

 


Kristin S. Eikeland (t.v.) og Inger Liv R. Thoresen. Flotte og kunnskapsrike representantar for landbruksnæringa på Agder. Gilde jenter å vere i lag med. ( foto: øystein moi )

 


Låtten, og det gode humøret, er sjeldan langt unna når desse to figurane møtast. Marit Gunn Tveit og Frank B. Sigvaldsen. Marit Gunn er lokallagsleiar i Lillesand Bondelag medan ho samstundes er nestleiar i Aust-Agder Bondelag. Her ser me mykje kunnskap samla på halvannan kvadratmeter. Midt i tingsalen. ( foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Åge Gyland. Eit langt liv som sauebonde, mjølkebonde - og framståande  tillitsvald i ei lang rekkje av landbruket sine organisasjonar. Gyland fydde ordskiftet med stor interesse - og vidopne øyro kvart einaste minutt. På mange måtar eit levande oppslagsverk i seg sjølve. Åge brukar ikkje Google. Ikkje naudsynt. ( foto: finn aasheim )

 


Talarstolen tilhøyrande Norges Bondelag. Det som vert kringkasta her, trengjer seg garantert inn i kvar einaste krok, inn på kvart einaste kontor på  Stortinget. Eit av noregs aller viktigaste mikrofonstativ. Både stortingsrepresentantar, statsrådar - og maktpersonar elles, ynskjer seg meir enn gjerne taletid her. 
( foto: øystein moi )

 


Frank B. Sigvaldsen på talarstolen.  (foto: øystein moi )

 


Situasjonen i pelsdyrnæringa ligg som eit myrkt og og klamt teppe øve vår nasjonale landbrukspolitikk. Mykje tyder på at heile næringa vert avvikla. Attende sit bøndene med millionar i banklån - og ei heilt uviss framtid. Dei økonomiske godtgjerslene som styresmaktene no flaggar for dei pårørande er berre for smular å rekne. Næringsforbod er noko me så visst ikkje er vande med i vårt land. Ordskifte på Bondetinget bar bod om nettopp dette. (foto: øystein moi )

 


Statsråd, og landbruksminister Olaug Bollestad trivdes umåteleg godt blandt bønder og andre skriftlærde på Bondetinget. Ei triveleg jente på alle vis. Smittande humør og meir talefør enn dei fleste av oss.
( foto: øystein moi )

 


To sentrale personar i norsk landbruk. Tor Arne Liland, lokallagsleiar i Sirdal Bondelag -
og Sigrid Hjørnegård, generalsekretær i Norges Bondelag. ( foto: øystein moi )

 


Marit Gunn skal heim og sleppe sauene på fjellbeite. Her vert ho oppdatert på vær - og føretilhøve
i Setesdal Vesthei. Det meldast om grønt gras, lauv på bjørka - og kleint med sporsnø. ( foto: øystein moi )


Foto: øystein moi

 

Referat frå Bondetinget finn du her.