Utsendingane frå både Aust-Agder Bondelg og Vest-Agder Bondelag kan sjå attende på trivelege dagar på Bondetinget i Sarpsborg. På nettsidene, tilhøyrande Norges Bondelag, finn du alt du treng å vete om årsmøtet. Her på våre eigne nettsider presenterer med meir lokalt stoff. I fargar.
 Bilete av gladguten frå Tvedestrand, sagførar, grisebonde og fylkesstyremedlem, Knut Helmer Feltstykket seier det aller meste om korleis stemninga var på Bondetinget.(foto: øystein moi )

 


Tor Erik Leland var blandt dei aller fyrste som tok ordet i tingsalen. Han bar fram bodskapen på ein framifrå måte. Klår i røysta - og med eit levande kroppspåk. I salen sat 300 tilhøyrarar. Dei klappa, og dei fleste nikka samtykkjande. Bladfykane frå den nasjonale pressa, Nationen og Klassekampen medrekna, skreiv så blekket spruta. ( foto: øystein moi )

 


Hektisk på Agderbenken før fylkesleiaren i austfylket, Knut Erik Ulltveit, skal på talarstolen. Organisasjonssjef Finn Aasheim tek i bruk internettet for å sjekke  dei aller siste fakta. Det gjekk godt. Ulltveit he lang røynsle når det gjeld pågåande bladfykar, blinkande blits-lamper og eit stort publikum. Frå Tv 2.   (foto: øystein moi  )

 


Neste steg er opp på talarstolen. Han ventar berre på klarsignal frå dirigenten. Sekunda er lange.  (foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Ja, sjølvaste statsråden, landbruksminister Jon Georg Dale, lot seg rive med då fylkesleiaren frå Gjerstad tok ordet. ( foto: øystein moi )

 


Marit Gunn Tveit (t.v.) og Inger Liv Røyter Thoresen representerte fylkesstyret - i kvar sitt fylke. Her er dei avfotografert i samband med ei velfortent kaffepuse. Smilande og fulle av pågangsmot.  ( foto: øystein moi )

 


Flotte jenter frå Vest-Agder. Inger Liv Røyter Thoresen ( t.v.) er styremedlem i Vest-Agder Bondelag. Birte Usland er medlem av sentralstyret i Norges Bondelag - og Kristin Skranefjell Eikeland er medlem av fylkesstyret i Vest-Agder.  (foto: øystein moi )


Sjølv trauste bønder, frå Indre Agder, tek det med eit stort smil når dei stundom må ut på lange tenestereiser i båt. Her er dei avfotograferte midtvegs ute på Oslofjorden, med stø kurs mot Moss - og Sarpsborg. Ytterst på babord side site Kristin Skranefjell Eikeland - jamsides med Inger Liv Røyter Thoresen og Tor Arne Liland. ( foto: ein forbipasserande tysk bobilturist. )

 


Klår for eit høgtideleg etegilde. Årsmøtemiddag. Kveldens flottaste antrekk - kveldens mest velkledde mann.Gardbrukaren, byggmeisteren, forretningsmannen, heidersmannen - og medlem av fylkesstyret i Vest Agder Bondelag, Tor Arne Liland frå Sirdal.
Ein stram kar. Ein umåteleg gild gut.
(foto: ukjent )

 


Frank Sigvaldsen, frå sjølvaste Froland, hadde gløymd dressjakka heime og var på hektisk jakt etter ei høveleg trøye til bruk under middagen. Det finnast allstøtt ei løysing - for ungdomen..  ( foto: øystein moi )

 


Frank Sigvaldsen er medlem av fylkesstyret i Aust - Agder Bondelag. Han er gardbrukar og ambulansesjåfør. Uredd og målretta helsa han tilhøyrarane, og dei 171 røysteføre medrekna, på ein framifrå måte.  Kven andre enn unge Sigvaldsen tok ordet under sjølve  middagen, og serverte ei god historie frå det blide Sørland.
(foto: øystein moi )

 


Foto: øystein moi

 


Ein stolt fylkesleiar he fenge melding frå kjærasten heime i Gjerstad. Organisasjonssjefen les korrektur / sensur ..(Foto: øystein moi)


Og som dei fleste kjenner til, så er det framleis ikkje semje kring jordbruksforhandlingane. Bilete her tyder beint fram på at det er ein viss avstand mellom partane.... ( foto: øystein moi )

 


Så var det slutt for denne gong.
Neste Bondeting vert skipa til på Lillehammer i juni 2018. ( foto: øystein moi )