Omlag midtvegs på livsvegen kan Ståle sjå attende på ei rik og spanande yrkeskarriere. I meir enn 25 år henta han opp det det meste av dagløna frå djupe oljebrønnar i Nordsjøen. Ein viktig eigenkapital å ha med seg på kontoen når han etter kvart overtok gardsbruket etter far sin, på Gyland, i Flekkefjord kommune.

- Eg søkte stadig om permisjon, landlov, når det var hektiske tider heime på garden. Det var uråd for meg å sitje på ein trong lugar ute i Nordsjøen når lamminga var i full gong - og når Timoteien var meir enn klar for innhausting.Det heile endte med at eg vart bonde på heiltid - truleg det beste for båe partar.
Operatørselskapa i Nordsjøen har lite forståing for arbeidsinnsatsen som ligg bak norsk heilmjølk, ein velsmakande indrefilet - eller ein dugeleg porsjon med fårikål. Sjølvaste nasjonalretten.

Ståle Haukelid er så visst ingen småbrukar. Sjølv i grenseområda mot Rogaland stend det respekt av eit gardsbruk med eit tilhøyrande areal på meir enn 8000 da. Fjoset held tak over hovudet for ein solid buskap med både sau og ammekyr. Mjølkemaskinen stend parkert og nedstøva på låven - medan eit nytt sauefjos stod klart på haustparten i 2017

- Sjølvsagt merker eg at lønsslippen frå Nordsjøen er totalt fråverande. Likevel må eg tilstå at tørkesumaren i 2018 vart starten på ei låm kor likviditeten etter kvart har vorte hardt pressa frå fleire kantar.
Med den galopperande kostnadsauken me har sett den siste tida har eg beint fram sett meg tvungen til å redusere drtifta.

Talet på vinterfora sau er kraftig redusert, og skjer det ikkje noko alvorleg, med positivt forteikn, etter årets jordbruksoppgjer - ja då må eg redusere ytterligare. Situasjonen er alvorleg - ja til tider beint fram dramatisk, seier Ståle Haukelid.

Det vert ein triveleg samtale denne føremiddagen. Ståle er verkeleg på godlag. Engasjert, godt orientert - og samstundes vel vitande om at bønder over heile landet no kjempar for tilværet kvar einaste dag.

- På mange måtar så støtter eg Bondeopprøret. Dei har på på eit vis skapt dei store overskriftene. Dei har satt fyr på bålet - og bygd opp eit voldsomt engasjement. Det er likevel viktig å streke under, med to strek under svaret, at det er Bondelaget som til slutt og rest sitt rundt forhandlingsbordet og ser staten, den norske, beint inn i augo.

Det er Norges Bondelag, med si meir enn 100 - årig historie, som kvart år forhandler på vegne av den norske bonden. Tillit kan ikkje kjøpast for penger. Tillit må byggjast gjennom tid. Gjennom genersjonar.

Ståle Haukelid er meir talefør enn folk flest. Det er vanskeleg å notere ned alle gullkorna - men det teikner seg raskt bilete av ein solid fagmann. Ein engasjert bonde. Positiv i utgangspunktet - men samstundes klinkande klar på kva som surrar rundt i hovudet no om dagen.
Saldoen i sparebanken, strøymmålaren i uthuset , prisen på kunstgjødsla, og enorme forventninger til det komande jordbruksoppgjeret.
 


Foto: øystein moi

- Eg er imponert over innsatsen til Bondelaget. Fylkesstyret i Agder gjer ein eineståande jobb. God kontakt med folk flest, frå enkeltmedlemmer i lokallaga - og heilt opp til dei som sit med bukta og båe endene. På Løvebakken.
Den gjengen har eg tru på. Me treng Bondelaget - tidene me er inne i nå er eit godt døme på det.

Samtalen tek slutt. Me skiljast som gode vener.
Inne kring kjøkkenbordet ventar kjærasten Anette, med heimebaka stomp og nybrygga kaffe.

Han fortener det aller beste - Ståle.

 


Foto: privat

(tekst; : øystein moi )