Bli med på laget

Naturligvis - Landbrukets Dag blir arrangert på Evjemoen i dagane 16. - 18. august. Mange brikker skal falle på plass - mange dugnadstimar ligg framføre oss. No ber me om ei hjelpande hand - eller to. Me vil så gjerne invitere deg til å bli med på dugnad - bli med på laget.
Evjeguten Trygve Jokelid er mange års røynsle som dugnadsgeneral på Landbrukets Dag. Ein framifrå og venesæl arbeidsleiar som gjer sitt aller beste for at mannskapa skal få oppleve nokre triveleg dagar på Evjemoen.
Du skal ikkje sjå fram til hardt arbeid og lange vakter - her er det like mykje tale om triveleg sosialt samvær i hop med kolleger frå ulike delar av landbruket.
Det er behov for vakter til mange ulike oppdrag, og me kan nenne bl.a. sjåførar til 4-hjulingar, mattransport, parkeringsvakter, iskremseljarar, billettsalg, hjelp i økonomiavdelinga, hjelp i matteltet - og så uendeleg mykje meir.
Det hadde vore triveleg å sjå deg på Naturligvis / Landbrukets dag - tak kontakt med din lokallagsleiar i Bondelaget, og meld deg på så snart som råd. Seinast 1.mai.