Mjølkebonden frå Austre Moland, Erik Fløystad, såg ut til å trivast godt i lag med fungerande leiar i KrF, Dagrunn Eriksen. ( foto: øystein moi )

Årsmøteveka starta med representantskapsmøte tysdag ettermiddag, og heldt fram med ordinært årsmøte både onsdag og torsdag. Det var ei uhorveleg lang saksliste som skulle handsamast, og når meir enn 100 utsendinger, alle med røysterett, skulle bere fram bodskapen sin frå talarstolen - ja då skjøner vonleg alle at det vart både lange og strevsame dagar i tingsalen.
Utan atterhald kan ein oppsummere årsmøtet 2016 som særs vellukka. Bondelaget er ein organisasjon med godt samhald, stor takhøgde, og ikkje minst ein samskipnad kor dei aller fleste ser ljost på livet - og er optimistiske med tanke på framtida. 
Stolte næringsdrivande som trivast i jobben, vel vitande om produksjon av trygg norsk mat aldri vil gå av moten. 

På gjestelista fann me kjende namn som m.a.landbruksminister Jon Georg Dale (FrP), partileiarJonas Gar Støre (AP), stortingsrepresentant Knut Storberget (AP), stortingsrepresentant Geir Pollestad (SP) - og vår eigen Dagrunn Eriksen (KrF)

Og er du det aller minste i tvil - så kan me her og no avsløre at dei alle vil bøndene, og landbruket vel.
Kvar på sin måte ...

To flotte og umåteleg gilde representantar for Vest-Agder Bondelag. Inger Liv R. Thoresen (t.v.) og Kristin Skranefjell Eikeland. ( foto: øystein moi )

 

Tønnes Oksefjell, frå Kvinesdal, er medlem av fylkesstyret i Vest-Agder. Alstøtt i godlag - og jamnleg i kontakt med eigne medlemmer på telefonen. Her refererer han beinveges frå årsmøtesalen  på Lillehammer - til ein eller annan bondeven i indre Agder. ( foto: øystein moi )

 

Knut Erik Ulltveit (t.v.) og Olav Lidtveit representerer båe to fylkesstyret i austfylket. To kunnskapsrike og venesæle gutar som trivdes umåteleg godt på Bondetinget. ( foto: øystein moi )

 

Det var mange ulike reksjonar på landbruksministeren sin tale. Me let dette fargebiletet tale for seg sjølve.  (foto: øystein moi )

 

Marit Gunn Tveit er leiar av Lillesand Bondelag, og medlem av fylkesstyret i Aust-Agder. Her i venskapeleg samrøre med Knut Erik Ulltveit. (foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

Tønnes Oksefjell (t.v.) og leiaren i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland frå Selandsdalen. ( foto: øystein moi )

 

Olav Lidtveit og Inger Liv R. Thoresen. (foto: øystein moi )

 

Erik Fløystad i heftig ordskifte med ein etnisk rogalending. Som vanleg så er smilet aldri langt unna. Slik er det i Bondelaget no om dagen. ( foto: øystein moi )

 

Kristin Skranefjell Eikeland.  (foto: øystein moi )

 

Marit Gunn Tveit. Ihuga sauebonde og ein humørspreiar kor godtfolk samlast. Særs talefør - og uhyre kunnskapsrik. ( foto: øystein moi )

 

Utsendingene våre, frå båe agderfylka, var jamnleg å sjå på talarstolen. ( foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

Foto: øystein moi

 

Jenta til høgre i bilete, Anne Lill F. Roland frå Finsland, er leiar av Vest-Agder Bygdekvinnelag. Anne Lill er ein matkunstnar av dei sjeldne  - og er samstundes ein framifrå ambassadør for stuttreist og velsmakande mat frå heile Agder. (foto: øystein moi )

 

Så let me den høgreiste og venesæle  byglendingen Olav Lidtveit få siste ordet i denne reportasja. Olav tala med klår røyst, og på klingjande dialekt, om all elenda som i desse dagar er å finne i den europeiske unionen. Sjølvaste styggedomen. Olav er fylkesleiar i Aust-Agder Nei til EU - og ingen i tingsalen vart det minste i tvil om kva Olav Lidtveit meiner om nettopp den samskipnaden. Den europeiske. (foto: øystein moi )

 

Her kan du lese meir om det nye styret i Norges Bondelag.