Bilete frå Bondetinget 2018

Årsmøte 2018 i Norges Bondelag er historie. No er det mygg, klegg, rundballeplast, kortreiste jordbær og spelsau på sumarbeite som stend på timeplanen for bøndene i tida som kjem. Ein solid delegasjon med utsendinger frå båe agderfylka var hjarteleg tilstades på Bondetinget. Her fylgjer ein usensurert fotografisk dokumentasjon på frammøte.
For frolendingen, og fyrstereisguten Frank Sigvaldsen vart det mange sterke
Inntrykk alt fyrste dagen. Knut Erik Ulltveit, sjølvaste fylkesleiaren, tok det heile meir roleg.
(foto: øystein moi )
Marit Gunn Tveit. Sauebonde, lokallagsleiar, fylkesstyremedlem - og så uendeleg mykje anna.
(foto: øystein moi )
Frå Tvedestrand. Knut Helmer Feltstykket. Toppleiar i Norsvin, sagførar og
medlem av fylkesstyret i Aust-Agder Bondelag. Han vende augo
mot høgare makter då det vart tale om overproduksjon av grisekjøt.
Han smilde, Knut Helmer. Han plar det. Evig optimist. Ein glad gut.
(foto: øystein moi )
Per Skorge. Generalsekretær i Norges Bondelag. Tok han bilete av seg sjølve (?)
(Foto: øystein moi )
Stolte vest-egder i samla flokk: Åge Gyland, Birte Usland, Inger Liv Røyter Thoresen,
Tor Arne Liland og Tor Erik Leland ( foto: øystein moi )
Dei såg ut til å trivast godt i lag. Bondelagsleiaren og statsråden. ( foto: øystein moi )
Ingen motkandidat. Samrøystes vedteke. Birte Usland held fram som styremedlem
i Norges Bondelag. (foto: øystein moi )
Tor Erik Leland og Finn Aasheim. Mykje godt bondevet samla på ein snau kvadratmeter.
(foto: øystein moi )
Med kvart sitt startnummer. ( foto: øystein moi )
Toppleiinga i Norges Bondelag. Venesæle gutar. Lars Petter Bartnes og Per Skorge.
(foto: øystein moi )
Sirdølen, bondelagsleiaren, sauebonden, byggmeisteren og heidersmannen
Tor Arne Liland helsar møtelyden frå talarstolen. ( foto: øystein moi )
Portrett. (Foto: øystein moi)
I fokus. Bladfyken. Utan blitz. ( foto: øystein moi )
No må du skjærp dæ.....
(foto: øystein moi )
Knut Erik Ulltveit. (foto: øystein moi )
Portrett. ( foto: øystein moi )
Pause. Av Edvard Grieg. Ved tangentane Inger Liv Røyter Thoresen. Eit multitalent.
(foto: øystein moi )
Fødd og alen i Åmli i Aust-Agder. No er ho fylkesleiar i Rogaland Bondelag.
Ei drivande flink jente. Meir talefør enn dei aller fleste. Marit Epletveit.
(foto: øystein moi )
Båe to hadde handla seg ny skjorte hjå Dressmann. Dagen i førevegen. Gode vener.
Populære bondelagsfolk. Både lokalt og nasjonalt. (foto: øystein moi )
Åge Gyland, frå Gyland i Vest-Agder. Høgt respektert sauebonde og fagmann.
Umåteleg gild. Smålåten - men med eit vakent blikk på det aller meste
som skjer innanfor landbruksnæringa.
(foto: øystein moi )
Foto: øystein moi