Knut Erik Ulltveit er busett på garden Ulltveit i Gjerstad.  Det er ein særs aktiv, ung mann som i desse dagar tek til i det ansvarsfulle vervet som fylkesleiar i Bondelaget.
Heime på garden he han bygd nytt moderne fjos med god plass til meir enn 70 ammekyr. Inne i sjølve sethuset deler Knut Erik både kjøkken og stove med kjærasten Siri, frå Froland.

Ulltveit er både brannmeister og varaordførar i heimbygda - og stadfester i ein mail til Agderkontoret at han såleis ikkje he store problem med å fylle  arbeidsdagen med vetuge og samfunnsnyttige gjeremål.
Knut Erik he sju års fartstid i fylkesstyret - og det er såleis ein røynd fagmann, og tillitsvald, som no tek fatt med ei ny stor og viktig oppgåve på livvegen.
(foto: TV2)

 

Marit Gunn Tveit, nyvald nestleiar i fylkeslaget, er og ei jente med solid røynsle frå landbruksnæringa.
Ho er i dag busett på småbruket Sagvollen, i Lillesand kommune, kor ho i lag med ektemannen Kåre gjev husrom til meir enn 100 vinterfora sau.
Marit Gunn er utdanna agronom frå landbruksskulen i Søgne - og ho er gartnerutdanna frå Dømmesmoen i Grimstad.
I tillegg til styreverv i Aust-Agder Bondelag he Marit Gunn Tveit vore lokallagsleiar i Lillesand Bondelag sidan 2011.


Marit Gunn Tveit. ( foto: øystein moi )

 

Knut Helmer Feltstykket er busett på Grændsen i Tvedestrand kommune. Sjølv om han er oppvaksen i sjøkanten, blant makrell, tang og tare - er det ein røynd gardbrukar som no tek sete kring styrebordet i Aust-Agder Bondelag.
Knut Helmer driv med slaktegrisproduksjon på garden medan han samstundes er sagførar på eige sagbruk. I tillegg til dette driv Knut Helmer Feltstykket med ulike former for entrepenørverksemd, m.a. snøbrøyting.
Me må heller ikkje gløyme å nemne at denne smilande og venesæle karen er ein av frontfigurane bak den årvisse, og særs populære, Sørlandssamlinga.

Knut Helmer Feltstykket. ( foto: øystein moi )

 

Olav Lidtveit er mjølkebonde frå Åraksbø, i Bygland kommune. Her bur han i lag med kona Maryanne. Olav er ein trugen og kunnskapsrik bondelagsmann med lang fartstid i fylkesstyret, m.a. som nestleiar.
Olav er i dag leiar av Aust-Agder Nei til EU.


Olav Lidtveit ( foto: øystein moi )

 

Jon Gaute Lunden er eit nytt namn i fylkesstyret. Han kjem frå Reddal i Grimstad og produserer poteter, kål, konsumegg. Jon Gaute he vore ihuga matprodusent sidan 2004 - og som han skriv i eit elektronisk brev, adressert til Agderkontoret: " Heime har eg ei tolmodig kone - og tre born."
Me ynskjer Jon Gaute Lunden hjarteleg velkomen - og ser  fram til eit godt samarbeid og mange gilde stunder kring styrebordet.

Jon Gaute Lunden (foto: øystein moi )

 

Frolendingen Frank Sigvaldsen  er 1.vararepresentant til fylkesstyret. Ein stillfaren og kunnskapsrik ung mann som verkeleg gler seg til å gjere ein god jobb for landbruket på Agder.
Sivgaldsen vel å presentere seg slik, med eigne ord: " Bor i Froland sammen med min samboer Karoline og min datter Mari Bettina på 2,5 år. Vi driver med ammekyr og honningproduksjon på gården.
Har til nå leid både fjøs og jord, men fra i år overtar vi en skogeiendom fra kommunen som vi skal etablere oss på med ammekufjøs og nytt lafta hus når vi kommer i hakk.
Driver også med litt leiekjøring i tillegg til salg av Tajfun vedutstyr.

Jobber 100 % på ambulanse ved siden av gården.Er nestleder i krets 109 i Nortura og er medlem av dyrevernnemnda. Har tidligere vært leder i Froland Bondelag og ser nå frem til å være med på å jobbe bondens sak via fylkesstyret. "


Frank Sigvaldsen  ( foto: øystein moi )
 

 

Astrid M. Gavlen er Aust-Agder Bygdekvinnelag sin faste representant i fylkesstyret i Bondelaget. Astrid bur på garden Steane i Iveland kommune. Her driv ho "Krydderhuset" som er eit tilbod til lag og foreninger som m.a. ynskjer omvisning i den flotte krydderhagen.
Astrid he ein variert yrkesbakgrunn som bonde, skribent i ulike aviser - og fleire år som tilsett i kommunal sektor. Me gler oss storvegs til å samarbeide Astrid - og me ser sjølvsagt fram til å halde fram med det gode samarbeidet me i dag he med Bygdekvinnelaget.