Attende på kontoret
Kalenderen syner august månad. For mange er alt sumarferien 2020 registrert som eit nytt kapittel i minneboka. Nye spanande sider i fotoalbumet - og kvardagen tek så smått til å gjere seg gjeldande for dei fleste av oss.
På Agderkontoret ser me no fram til eit spanande "haustsemester." Me ser fram til dagleg kontakt med gode bondelagsmedlemmer - og me vonar samstundes at samfunnet etter kvart vender attende til normalen.
Mykje er framleis uvisst, men me freister alle å gjere det beste ut av situasjonen.
Me er no atttende med full styrke på kontoret - og er det noko du lurer på så er me meir enn takksame for å høyre frå Dykk. Her er telefonlinene vidopne - kvar einaste dag ...