Tysdag 5. mars. Årsmøte i Inn på tunet, Sørlandet. Folk har benka seg kring småborda på låven hjå Søren og Ingebjørg Hodne. Litt småkaldt i lufta, men stemninga er lun og god. 
Her på Hodne Gard har dei halde på med "Inn på tunet" i mange år. Dei he på mange måtar funne sin eigen velfungerande måte å gjere dette på. No er dei midt oppe i eit generasjonsskifte på garden. Nye eigarar legg i desse dagar sine eigne spanande  planar for vidare drift. Vonleg vert "Inn på tunet" ein av berebjelkane i ei ljosande framtid på Hodne Gard.


Ho fann raskt ein triveleg plass i peiskroken. Ellen Cecilie Møllen. Ei feiande flott, smilande og triveleg gardjente frå Uleberg i Hornnes. Utdanna jordmor og med meir enn 6000 da utmark på kontoen så he nok å fylle kvardagen med.
Ellen Cecilie ser føre seg ei spanande framtid på garden. Eit tradisjonelt sauebruk kor "Inn på tunet" vil få ein stadig større plass på timeplanen. Ny driftsbygning er under oppføring og jordmora er svanger med mange spanande planar for framtida. Me gler oss til å kome på vitjing til "Der aust " når det heile er på plass. Sau, høns, hest, katt og hund. Reiskapshus og gjesterom. Nøgde brukarar frå heile kyrkjesoknet. Unge og gamle - hand i hand.


Tidlegare mjølkebonde, noverande pedagog og smørprodusent, Søren G. Hodne
ynskja møtelyden hjarteleg velkomen til gards. ( foto: øystein moi )


Hege Lindstrøm  ( foto: øystein moi )

Årsmøtet vart leia, med stø hand, av dagleg leiar i "Inn på tunet Norge SA" - Hege Lindstrøm. Ho var tydeleg imponert av innsatsen som i desse dagar vert lagt ned på Sørlandet. Åse Hodne Hørsdal he synt seg som ein framifrå leiar for samskipnaden. Stadig nye aktørar, gardsbruk om du vil, vert godkjende som tilbydarar av Inn på tunet sine tenester.
Ei ny nasjonal organisering av "Inn på tunet" er på teiknebrettet. Ei organisering som vonleg vil effektivisere og forenkle kvardagen for både brukarar og tilbydarar.

Fylkesmannen på Agder hadde sendt ein av sine aller mest skarpskodde menn
som observatør til møtet. Ole Magne Omdal var i strålande humør. (foto: øystein moi )

 


Søren og Ingebjørg sytte for stuttreist, næringsrik og velsmakande mat til møtelyden.
(foto: øystein moi )

 


Brit Mjåland, ihuga forkjemper for Inn på tunet - og avtroppande styreleiar fekk
velfortent heider og applaus for framifrå innstas. (foto: finn aasheim )

 


Åge Andre Brømnes vart samrøystes vald til ny styreleiar i "Inn på tunet Sørlandet SA."
(foto: øystein moi )


Foto: øystein moi