Sakslista var lang og omfattande. Det er mange formalitetar  som no skal på plass i samband med den pågåande organisasjonsreformen i Norges Bondelag. Det vil truleg ikkje undre så himla mange om me i løpet av overskueleg framtid vil sjå at det vert ei samanslåing av dei to bondelaga på Agder. Landet vårt er i endring. Fylkesstrukturen er i endring.
Styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg, heldt ei grundig gjennomgang av denne prosessen. Spursmåla er framleis mange - og mange svar kjem på bordet kvar einaste dag.
Ein demokratisk prosess er i gang. På Agder medrekna. Me held lesarane våre oppdaterte til ei kvar tid - og kjem sjølvsagt attende med ein fyldig rapport når det endelege resultatet ligg føre.


Tor Erik Leland vart attvald som fylkesleiar i Vest-Agder Bondelag. Utan dramatikk. Utan motkandidat.
Ein særs omtykt og kunnskapsrik bondelagsleiar. ( foto: øystein moi )

 

Etter talen til fylkesleiaren, og etter eit spanande foredrag av Arnstein Røyneberg var det mange som tok del i det påfylgjande ordskiftet. Gode innspel, klåre meininger - og treffsikre kommentarar  som den tilreisande
jærbuen tok med seg attende til det store styreromet i Norges Bondelag. I hovudstaden.
Alle skal høyrast. Det er snart jordbruksforhandlinger. 63 000 medlemmer i Norges Bondelag he krav på å bli høyrd - og  dei blir høyrd. Nettop det er vår styrke i ei næring som stadig er under press.

 


Oddgeir Steinberg - bonde, entrepenør og lokallagsleiar i Marnardal Bondelag.
Mange nikka samtykkjande då Steinberg freista å trekke  dei store linjene i klimaspursmålet.
- Me redder ikkje klimaet med å ete eit grann mindre raudt kjøt her i vestfylket.
Vend heller blikket mot himmelkvelven, sjå på flytrafikken og tenk klimautslipp.
Det er her me, og verda elles, kan take nokre grep som verkeleg monnar. (foto: øystein moi )

 


Ungdomen er på full fart inn i "styre - og stell" i landbruket på Agder.
Tom Kåre Eikeland er lokallagsleiar i Audnedal Bondelag. ( foto: øystein moi )

 


To kloke hovud slær seg i hop.Resultatet av denne samtalen er ukjend.
 Audun Meland og Finn Aasheim.
Mykje minner likevel om ei scene frå  "Muppet Show" - ein populær TV-serie på 70 -talet.
( foto: øystein moi )

 


Heidersmannen Tor Arne Liland vert djupt sakna kring styrebordet når han no seier frå seg
plassen i fylkesstyret. Det vanka både gull, sylv og fagre ord som takk for innsatsen.
Liland held fram som leiar av Sirdal Bondelag.
(foto: øystein moi )

 


Gratulerer til Sirdal Bondelag, "Årets Bondelag i Vest-Agder."
F.v. Andreas Liland, Sven Haughom og Tor Arne Liland.  ( foto: øystein moi )