Dagen starta tidleg, på ein parkeringsplass øvst i Markensgata, i sentrum av Kristiansand. Ihuga bondevener og matkundige bygdekvinner hadde kvelden i førevegen smurt ei solid ladning med stuttreiste og næringsrike nistepakker. Frå Tine kom det pallevis med både juice og yoghurt - og frå "landbruksskulen" i Søgne kom to flotte jenter og ein pensjonert tråvhest.
Det vart eit populært innslag i byen denne morgonen. Travle byfolk, på veg til kontoret, fekk servert gratis nistepakke på open gate - ikkje frå ei moderne kjølevogn, men frå ei stasleg hestekjerre, og frå stolte agderbønder på veg til årsmøte i Bondelaget. Ei mykje annleis morgonstund - for mange.

Foto: øystein moi

 

Sjølve årsmøtet vart skipa til på Scandic Bystranda Hotell. Brita Skallerud, 2. nestleiar i Norges Bondelag, heldt eit framifrå foredrag ved byrjinga av møtet. Få kjenner bonderørsla, og det politiske maktapparatet, betre enn nettopp Brita. Mange år i den øvste leiinga i Bondelaget, og aktiv deltakar i dei nasjonale jordbruksforhandlingane i ei årrekkje. Ho veit så avgjort kva ho talar om. Møtelyden, nær 100 i talet, fekk landbruksfagleg indremedisin i solide mengder denne morgonstunda. Framføre dei ligg ei ny jordbruksmelding - og ikkje minst det som etter alle solemerker vert svært så krevjande jordbruksforhandlinger.



Brita Skallerud. Engasjert, talefør, smilande og blid - på alle måtar ei triveleg og venesæl jente. (foto: øystein moi )

 

Årsmøta i dei to fylkeslaga gjekk føre seg utan nokon som helst teikn til korkje dramatikk eller uvenskap. Trauste, etniske sørlendinger liker det best slik.
Tor Erik Leland held fram som leiar av Vest-Agder Bondelag - medan eit samrøystes årsmøte valde Knut Erik Ulltveit, frå Gjerstad, til ny leiar i austfylket.

Seinare på ettermiddagen vart dørene opna på vidt gap, og det vart invitert til valkampopning i storsalen. Alle politiske partier, som i dag er representerte i Nasjonalforsamlinga, fekk høve til å presentere sitt syn på framtida - framtida for norsk landbruk, og framtida for norsk matproduksjon.
Ingen dramatikk. Alle vil sjølvsagt det aller beste for norske bønder. Dei brukar stort sett dei same orda - og dei he stort sett det same målet for landbrukspolitikken.


Skilnaden ligg oftast i korleis me til sist  skal nå fram til målet: Levande bygder, auka norsk matproduksjon på norske ressursar, velpleide naturlandskap - og landbruk over heile landet.

 


Ole Magne Omdal er Vest-Agder Senterparti sin framste  faneberar i kampen om eit fast sete på Stortinget. Han fann sin naturlege plass i hestekjerra. Kusk, og vognførar, Aina Berge ser ut til å trivast i lag med den høgst taleføre stortingskandidaten. ( foto: øystein moi )


På veg til årsmøte. ( foto: øystein moi )


Alv Vinjerui (t.v.) er lokallagsleiar i Vennesla Bondelag - medan den staslege ungdomen til høgre er nyvald fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag Knut Erik Ulltveit. ( foto: øystein moi )


Anne Lill Roland er fylkesleiar i Vest-Agder Bygdekvinnelag, framfor alt eit gjennomført JA- menneskje når einkvan ber om ei hjelpande hand - t.d. til utdeling av nistepakker i Markensgata i Kristiansnad. Den vesle guten til høgre på bilete heiter Tom Kåre Eikeland og er ein dugande lokallagsleiar i Audnedal Bondelag. ( foto: øystein moi )

 

Dei nye sjefane i austfylket. Fylkesleiar Knut Erik Ulltveit - og nestleiar  Marit Gunn Tveit. Utan atterhald - eit sterkt lag. ( foto: øystein moi )

Tor Erik Leland og Knut Erik Ulltveit. Bondehøvdingar i kvart sitt fylke. ( foto: øystein moi )

 


Her møtast dei i eit travelt bysentrum. To tidsbolkar. Den moderne postbilen - og den tradisjonsrike hesteskyssen. ( foto: øystein moi )

 


Ho vart heidra med fine ord og verdfulle gåver. Takk for innsatsen i fylkesstyret gjennom mange år. No ventar travle dagar heime  på Hesnes Gartneri i Grimstad. Og jenta - ja ho heiter Katrine Hesnes Jarnes. ( foto: øystein moi )


Arendal Bondelag vart kåra til "Årets lokallag" i 2016 i Aust-Agder. Her representert v/ lokallagsleiar Eli-Monica Aune Olimstad og nestleiar Roy Vidar Svensen. ( foto: øystein moi )

 


To mektige ordstyrarar. Ein frå kvart fylke. Søren Seland (t.v.) kjem frå Selandsdalen og styrer møtelyden i vestfylket. Nils Olsbu held kontroll med austegdene. ( foto: øystein moi )

 


Åse Ingebjørg Flateland he lang fartstid på ulike nivå i Bondelaget. Denne dagen møtte ho som leiar av valkomiteen i Aust-Agder. Brita Skallerud he me presentert tidlegare i denne artikkelen. To fantastiske ambasadørar for norsk landbruk. To umåteleg gilde og kunnskapsrike jenter.(foto: øystein moi )

 


Styret i Vest-Agder Bondelag. F.v. Inger Liv R. Thoresen, Åge Gyland, Anne Lill Roland, Tor Erik Leland, Tor Arne Liland og Kristin Skranefjell Eikeland. ( foto: finn aasheim )

 


Det he lenge vore kjent at avtroppande fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad, he eit noko anstrengt forhold til både store tråvhestar og velfødde havregampar. Her kjem stadfestinga. Denne vesle bronsefiguren fall meir i smak hjå Fløystad. ( foto: øystein moi )


Takk til Inger Liv Røyter Thoresen for framifrå innsats  i samband med nistepakkeutdelinga, PR-stuntet, i Markensgata måndag morgon. Inger Liv er så himla positiv. På alle vis. ( foto: øystein moi )

 


Tusen takk for hjelpa - Aina.  ( foto: øystein moi )

 


Gratulerer med fast sete i fylkesstyret, båe to. Kristin Skranefjell Eikeland ( Vest-Agder ) og Knut Helmer Feltstykket ( Aust-Agder )  Foto: øystein moi


Ho vart eit grann tankefull, kvinnesakskvinna Camilla Collett. På sokkel - ikkje langt frå tingsalen og årsmøtet.
Korleis skal det gå med landbruket på Agder når det ikkje lenger er Erik Fløystad som styrer skuta ...
( foto: øystein moi )
 


Takk til gjester, utsendinger - og alle andre som gjorde dette til ein triveleg og lærerik dag.
Helsing oss på Agderkontoret.

(foto: øystein moi )