På Svaland i Birkenes, 320 m.o.h. -  var fleire genersjonar i full sving med si eiga markering. Eit stemningsfullt symbol på at ein må sjå framtida for norsk landbruk i eit langtrekkjande perspektiv.

 

F.v. Espen Brømnes, Roy Vidar Svendsen, Tor Eivind Tingstveit, Monica Olimstad ( leiar i Arendal Bondelag), Erik Fløystad (leiar i A.A.Bondelag, Anne Grete Lieng ( leiar i Froland Bondelag ), Lars Woie og Tor Ingvald Brømnes.

 

Frå markeringa i Arendal. Bodskapen er klår. Humøret er på topp. Flotte jenter som ikkje er det minste redde for å seie kva dei meiner om den nye jordbruksmeldinga.

 

I Fianesvingen, eit stutt steinkast unna E-18, hadde Holt og Vegårshei Bondelag ei klår oppmoding til dei vegfarande. Ja - det var uhorveleg mange som tuta ....

 

Frå Gjerstad

 

Lokallagsleiaren i Vennesla Bondelag, Alv Vinjerui, ligg sjeldan i ro dersom det finnast ein moglegheit til å marknadsføre landbruket. Her er han avbilda i hop med den venesæle og særs taleføre ordføraren i Vennesla, Torhild Bransdal( KrF). Torhild he ord på seg for å vere ein trugen bondeven.
 

 

På Hægeland serverte bondelaget stuttreist kjøttsuppe og kruttsterk bålkaffe. Ei røykfull og minnerik markering. Heilt etter boka.
 

Frå markeringa i Tonstad sentrum, Sirdal kommune.

 

To glade gutar frå Kristiansand Bondelag. T.v. lokallagsleiar og ein vidgjeten trollmann på trekkspelet, Gunnar Hangeland. Ole Magne Omdal er tidlegare ordførar i Iveland kommune, tidlegare lokallagsleiar i bondelaget - og noverande listetopp for Senterpartiet i Vest-Agder.

 

Sjølv ein tidlegare ordførar - og komande tingmann (?) kan verte eit grann smånervøs i dei siste minutta før den nasjonale kringkastinga sveiver i gong filmkameraet.

 

Stemningsbilete frå Kristiansand. F.v. ser du ein utskræmd bladfyk frå Fevennen, mannen med skinnlua heiter Bjørgulv Bekkevold -  og  heilt til høgre Lars Lunde