På Rekevik, ein stutt køyretur frå handlegata i Flekkefjord sentrum, driv Vidar Birkeland - og kona Merete eit noko uvanleg kombinasjonsbruk. Sau, ammekyr og aure.
Kvart einaste år hentar dei opp 22 000 kg med kortreist aure frå Lundevatnet.
Marknaden for denne delikatessa finn dei i nærområdet - og m.a. i Sverige og Finnland.
No ser det og ut til at den europeiske marknaden, på meir sørlege breiddegrader,
er i ferd med å opne seg.

 


Oppdrettsanlegget  i Lundevatnet,   (foto: øystein moi )

 


Vidar Birkeland.  (foto: øystein moi )

- Etter at eg byrja i "fiskerinæringa" så har eg verkeleg skjøna kor viktig det er med eit landbrukssamvirke.
Eg saknar den same økonomiske tryggleiken når det gjeld fiskeoppdrettet - som eg har når det gjeld andre delar av produksjonen min. Sau og ammekyr.
Når det gjeld fiskeoppdrettet så kjenner eg eigentleg ikkje fasiten, botnlinja, før rekninga er sendt - og pengene er på konto. Slik er heldigvis ikkje tilhøva i slakterisamvirket.

Vidar legg meir stuttreist ved på peisen. Varmen kjem sigande, og gjer godt for oss alle etter ein regnfull båttur på Lundevatnet.
Både næringssjefen og jordbrtukssjefen i Flekkefjord  er tilstades i kjellerstova denne føremiddagen. Dei nikkar samtykkjande når det vert tale om kor viktig Vidar, Merete og resten av bøndene  er for næringslivet i kommunen.

 


Foto: øystein moi

Storbonden Ståle Haukelid, på Laugstøl, gav unge Ulltveit meir enn klar beskjed om at Bondelaget må verte meir rampete - mykje tøffare i forhandlingane med staten.
- Ventetida er over. Dagløna må opp. Lønsermda i heile næringa vår må opp, seier Haukeli på ein måte som ikkje etterlet nokon tvil om kva han meiner.
Eit bel var Ståle så misnøgd med delar av Bondelaget sin politikk at han beint fram melde seg ut or laget. I dag er han fullverdig medlem  og ser samstundes kor viktig rolle Norges Bondelag spelar i det store spelet.
Ei heilt avgjerande rolle for at me framleis skal ha eit levedyktig landbruk i dette landet.


Ståle Haukelid, tidlegare oljearbeidar i Nordsjøen, bygde nytt sauefjos i 2017.
I tillegg til 230 vinterfora sauer og 40 ammekyr har han hand om eigedomen som famnar  kring 8000 dekar med skog og utmark.
- Ei lita bøn før dykk forlet åstaden, humrar Ståle.
- Kan me alle i hop arbeide mot det målet at landbruket, det norske, ikkje må verte så forbaska byråkratisk.
Det kan då ikkje vere meininga at dokumenthaugen min skal vekse så dramatisk - kvar einaste dag. Eg he då anna å slå i hel tida med enn å lese haugevis med offentlege dokument, lover og forskrifter.

 


Foto: øystein moi

 

På Nordre Klungland driv Ingve Nilsen eit mjølkebruk med ei kvote  på 200 000 liter.
Ingve er heiltidsbonde - og er på mange måtar komen til eit vegskilje.
Driftsbygningen treng fornying - det mykje omtala lausdriftskravet ber samstundes bod om store investeringer.
48 - åringen er optimist, Han er glad, og stolt i yrket sitt,  Lågmælt, venesæl - og gjestfri.
Ingve serverer kaffe og heimebakak sjokoladekake inne i stova. Det knitrar - og det varmar frå peisen.
Ein triveleg ettermiddag - og ein god samtale. Eit toleg dryg reise - utanfor alfarveg.