Utsettelse av fristen for å spre husdyrgjødsel
Opprinnelig frist for spredning av husdyrgjødsel er 1. september. Det er nå viktig å få høstet så stor avling som mulig, og det er fremdeles god plantevekst i mange områder i landet i ukene framover.
Opprinnelig frist for spredning av husdyrgjødsel er 1. september. Det er nå viktig å få høstet så stor avling som mulig, og det er fremdeles god plantevekst i mange områder i landet i ukene framover.
Landbruksorganisasjonene og regjeringa har i dag blitt enige om innholdet i en krisepakke etter årets tørkesommer. – Dette bidrar til å redusere tapet etter tørken, sier lederen i Bondelaget.
Sjølv om det i korte periodar kunne vere greit med ein paraply i høgrehanda - ja så vart det likevel folksamt på stemneplassen på Evjemoen laurdag ettermiddag. Naturligvis 2018 ser ut til å verte den best organiserte messa nokon gong. Rekordmange utstillarar, smilande publikum, heilsteikt sau, heimelaga iskrem frå Sirdal - og blankpolerte traktorar på tilbod. Sundagen synte vergudane seg frå si aller beste side. Aldri nokon gong tidlegare he det vore samla så mykje folk inne på messeområdet. Mange utstillarar melder om rekordomsetning. Dei gler seg alt til august 2019 ..
Merk deg dagen, laurdag den 1. september. Då skjer det noko verkeleg spanande og flott midt i hjartet av Kristiansand. Sørlandets hovudstad. Mat i sentrum. Heile Nedre Torv vert fylld opp med spanande matrettar, kortreiste råvarer, lokale produsentar , smilande bønder og Bondens Marked. Sjølvsagt er sjømateksperten "Reinhartsen" hjarteleg tilstades med havets mange ulike delikatesser.
Neste søndag, den 26.august, er det igjen klart for ei rekkje med flotte arrangement i regi av trugne bondevener, ihuga bønder og aktive tillitsvalde. Åpen Gård er eit årvisst arrangement som samlar tusenvis av skodelystne øve heile landet. Ein strålande flott familiedag rundt på ulike gardsbruk. Ein festdag for landbruket - ein fetsdag for både store og små.
Ei samla næring, og våre samarbeidande organisasjonar medrekna, stend bak denne møteserien som vil rette søkjelyset mot den alvorlege grovfôrsituasjon i regionen vår. Det vert innlegg frå dei ulike organisasjonane, og det vert informasjon om ertstatningsordninga. Arrangørane ser fram til å møte sine samarbeidspartnarar - og vonar det vert fulle hus både på Evje, i Lyngdal og på Holt.
Landbruksduell, GMO-debatt, tekno-show og Bondepub er blant arrangementene Bondelaget inviterer til når Arendalsuka 2018 går av stabelen 13. til 18. august.
- Det gjør sterkt inntrykk. Nå er det viktig å jobbe for gode løsninger og å sikre økonomien for de mange bøndene som er rammet av tørken, sier Lars Petter Bartnes etter møter med tørkerammede bønder i Agder.
Landbruksdirektoratet har framskyndet oppdateringen av systemet som skal brukes til å behandle erstatningssøknader fra tørkeramma bønder.
Fôrsituasjonen i Agder er kritisk. Vi oppfordrer alle bønder og grunneiere til å bli med på en dugnad for å skaffe mest mulig gras og halm før vinteren. Store deler av Norge er nå inne i den verste tørkeperioden i nyere tid. Det sies at vi må tilbake til 1947 for å finne noe lignende, og landbruket da og nå kan nesten ikke sammenlignes.
Marit Gunn Tveit og Kåre Blålid er komen heim til Lillesand etter ein av sine mange turar i setesdalsheiene. Her he dei jamnleg tiilsyn med saueflokken sin - og her fyller dei på dugeleg med helsebot for både lekam og sjel. Denne sundagen vart det noko spesielt. Røyklukta låg tung øve dalføret. Skogbrannane herjer i knusktørr utmark. Dramatiske dagar i Setesdal.
Våre to fylkesleiarar, Knut Erik Ulltveit og Tor Erik Leland, held jamnleg - og tett kontakt med toppleiinga i Norges Bondelag. Fortvila bønder frå heile Agder etterspør stadig oftare om det finnast teikn til ljos i andre enden av tunellen. Regnværet, rotbløyta er det framleis ingen som ser teikn til. Det store, og heilt avgjerande spursmålet er no kor i all verda ein kan få tak i grovfôr. Tida er knapp - og graset er så visst ikkje grønare på den andre sida av steingjerdet - eller på andre sida av landegrensa.
Evjemoen. Tysdagen den 10 juli - i året 2018. Nær 300 personar, dei fleste aktive bønder, tek sete inne i den flotte kinosalen. Stemninga er lågmælt. Ord som krise og katastrofe vert utveksla mellom stolte og hardt arbeidande yrkesbrødre. Einskilde med ei synleg tåre i augekroken. Landbruksdirektøren, statens sendemann, tek sete på fyrste benkerad. No er det alvor.
Torsdag 5. juli var representanter fra Bondelaget, Norsk Landbruksrådgiving Agder, Tyr Sørlandet, Nortura, Norsk sau og geit, Fiskå mølle, Felleskjøpet og Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder samlet på Fylkeshuset i Kristiansand for å drøfte den prekære fôrsituasjonen.
Årets grovforavling vert for dei aller fleste mykje mindre enn kva som er normalt. Det vert i desse dagar referert til eit avlingsnivå mindre enn 50 % av eit normalår. Av ulike grunnar er det difor viktig å planleggje, eller starte tiltak for å spare grovfor. Dette gjeld no i sumar - og det gjeld og med tanke på den komande inneforingssesongen. Det er viktig å stå saman i ein svært krevjande situasjon. For næringa - og for kvar einskild.
Representanter fra Tine, Bondelaget, Norsk Landbruksrådgiving Agder, Tyr Sørlandet og Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder var den 28. juni, samlet på Fylkeshuset i Kristiansand.
Den nye dyrehelseforskriften fokuserer på forebygging. Kravene i forskriften er satt for å hindre spredning av smitte mellom besetninger. Her kan du lese mer om endringene fra gammel til ny forskrift.
To mjølkeprodusentar frå Åseral har mottatt Mjølkespannet for å ha levert elitemjølk i meir enn samanhengande 25 år. Karin og Bjørn Ljosland - og Inger Marie og Ove Austegard Utdelinga fann stad under ei høgtideleg markering på Lillestrøm i forkant av TINE sitt årsmøte.
Rovviltnemnda i region 2 Sør-Norge har vedtatt kvoter for lisensfelling av jerv og ulv i 2018/2019. Kvotene er på to dyr av hver art og gjøres gjeldende for hele regionen (Vestfold, Buskerud, Telemark og Aust-Agder).
Du kan alt no merke deg datoen 1. september. Denne laurdagen vil eit mangfold av av bondevener, lokale matprodusentar, lag og organisasjonar - og kvitkledde kokkar gjere om torvet i Kristiansand til ein gigantisk matmarknad. Arrangørane vonar at meir enn 10 000 personar vil vitje Wergelandsparken, Øvre Torv - og Nedre Torv i løpet av dagen.
Årsmøte 2018 i Norges Bondelag er historie. No er det mygg, klegg, rundballeplast, kortreiste jordbær og spelsau på sumarbeite som stend på timeplanen for bøndene i tida som kjem. Ein solid delegasjon med utsendinger frå båe agderfylka var hjarteleg tilstades på Bondetinget. Her fylgjer ein usensurert fotografisk dokumentasjon på frammøte.
Medan åker og eng, beitemark og glodheite bønder i desse dagar lengtar etter ei skikkeleg rotbløyte - så er det heilt andre tilhøve som møter Spelsauen i Sirdalsheiene. Tor Arne Liland har sendt osss desse flotte bileta frå Breievatnsbekken, 650 m.o.h. Stemningsfullt, grøderikt og vakkert.
Hvordan vi i landbruket håndterer eget avfall, og hvordan folk rundt oss oppfatter dette, vil påvirke næringas omdømme, negativt eller positivt.
- Når marknaden er metta, når overproduksjon er resultatet, då må bonden sjølve take meir av ansvaret. Det nyttar ikkje til ei kvar tid å velte alt ansvar øve på Nortura. Knut Helmer Feltstykke. Røynd grisebonde, fast sete i fylkesstyret i Aust-Agder Bondelag og fylkesleiar i Norsvin, avd. Agder.
Hjå familien Liland, på Tonstad i Sirdal,finn du både hjarterom og husrom. Venesæle folk som i årevis he teke i mot born - og unge sambygdinger til omvisning på garden. Spanande og lærerike dagar. Godt naboskap - og stuttreist mat på bordet.
– Det er ikke meldt nedbør i Sør-Norge i overskuelig fremtid, og det tørre sommerværet vil sannsynligvis fortsette den neste uken. Det blir stort sett over 20 grader, og det kan komme opp mot 25 - 28 grader enkelte steder. Dermed vil skogbrannfaren fortsette å øke.
Valgnemda innstiller på gjennvalg av Birte Usland, fra Marnardal, som medlem av hovedstyret i Norges Bondelag.Valg av nytt styre skjer på årsmøtet til Norges Bondelag på Lillehammer 6.-7. juni 2018.
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har blitt enige med staten om jordbruksavtale for 2020.
I fjor vår vedtok stortinget at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet skal reduseres. Med regjeringas nåværende tilbud vil det motsatte skje.
Styret har vedteke at det i år blir utbetalt ei godtgjersle på 100.- kroner for kvar utført arbeidstime. Dette er ei godtgjersle som vert utbetalt til det laget / den organisasjonen som vedkomande dugnadsarbeider representerer.
30 år gamle Hallvard Forgard satsar for fullt som gardbrukar på slektsgarden i Åseral. Gardsvegen nr 111 i den bygda kor mjølkebilsjåføren he fri heile sumaren. Halvard he tru på framtida. No utvidar han fjoset og byggjer ny tårnsilo.
Fantastiske ambassadørar for landbruket på heile Agder. Marit Gunn Tveit er lokallagsleiar i Lillesand Bondelag og nestleiar i Aust-Agder Bondelag. Mannen hennar, Kåre, er fylkesleiar i Aust-Agder Sau & Geit. Framifrå fagfolk. Gjestfrie og venesæle på alle vis. Måndag ettermiddag tok dei mot meir enn 100 gjestar heime på gardstunet
Eigentleg ville me setje opp nytt fjos med trevirke som byggemateriale - men reknestykket synte raskt at dette ville forlenge byggeperioden med bortimot eit heilt år, og prislappen vart brått 1,5 millionar høgare.Me er strålande nøgde med resultatet. 19. oktober tok Sjur og Kari i bruk det nye fjoset. Sist helg var det folkefest - eller folkevandring om du vil. I fjoset på Heddeland. "Åpent fjøs" samla meir enn 700 skodelystne.
Jørund Kvaale Hansen er gardbrukar på Nedre Kvåle i Bygland. Einaste grisebonden i heile Setesdal - og i det nye fjoset er det triveleg husvære for om lag 60 storfe. Garden he vore i slekta i meir enn 600 år.
Jannicke Modell Røhmen er lokallagsleiar i Åmli Bondelag. Ho er busett på garden Skjeggedal - og i dag he ho, i fylgje eigne ord " dukka ned blant dei digitale møllkulene heime på loftet." Me er svært takksame for dei fine bileta Jannike har sendt oss. Eit klårt og stemningsfullt vitneprov på at dei lever eit godt liv inne på Skjeggedal. Både folk og dyr. Indre Agder på sitt aller beste. Ikkje så himla langt unna korkje Froland - eller Mykland.
- Kjære forbruker. Takk for at jeg har fått jobben med å produsere maten du spiser. Jeg elsker det. Jeg kan love deg at jeg gjør alt jeg kan for at maten skal bli best mulig.
Vi leter etter en kreativ bygdegründer til årets Askeladdpris. Prisen som går til unge etablerere på bygda er i år økt til hele 50 000 kroner.
Stortinget har slått fast at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet skal reduseres. Representantskapet i Norges Bondelag krever at dette legges til grunn i årets jordbruksoppgjør.
Det plar vere ei forestilling heilt utan dramatikk, vonde tankar, knyta never - eller stygge ord når Aust-Agder Bondelag og Vest-Agder Bondelag samlast til ting. Måndagen den 12. mars, 2018 vart såleis ikkje noko unnatak. Årsmøta gjekk føre seg heilt etter læreboka, og båe fylkesleiarane fær halde fram i sine verv i det som vert eit nytt og spanande arbeidsår.
Det vart ein uforgløymeleg dag då 12-15 små nyfikne gjersdølinger sist veke var på gardsbesøk hjå Knut Erik Ulltveit. Inne i den satslege driftsbygningen venta meir enn 140 storfe. Brått og uventa vart småtrolla vitne til at ein ny gjersdøling, ein ny kalv, kom til verda. Dei gløymer det aldri.
Det vart ein festdag i den vesle grenda Skogestad, heilt sør-vest i Sirdal kommune, då 25 år gamle Andreas Liland inviterte til synfaring i det nye fjoset heime på garden. Meir enn 100 gjestar, ordføraren og den lokale bondelagsleiaren medrekna, let seg imponere av den unge gardbrukaren.
Aust-Agder Bondelag og Vest-Agder Bondelag skipar til årsmøte på Scandic Sørlandet Hotell i Sørlandsparken. Datoen er den 12. mars. Kvar einskild utsending skal no ha motteke både innkalling og aktuelle sakspapir i posten.
Det var ein leiarartikkel i "Agderposten" i forrige veke som fekk den tidlegare fylkesleiaren i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad, til å reagere kraftig. Når redaktøren jamsteller uforklarlege kornsiklar med importvern og subsidiar - ja då smell det i tastaturet på austsida av Molandsvatnet.
Alle husdyrbønder har ansvar for dyras velferd på egen gård, skriver bondelagsleder Lars Petter Bartnes i en epost til organisasjonens tillitsvalgte.
Fylkesveg nr 337, mellom Brokke i Setesdal - og Suleskar i Rogaland. I vinterhalvåret godt gøymd under fleire meter med stuttreist snø. Berre framkomeleg for reinsdyr, harepus - og ein og annan setesdøl med skuterløyve i lomma - og hytte i fjellheimen.
Han er rimeleg fersk i førarsetet for Aust-Agder Bondelag. Knut Erik Ulltveit, storbonden frå Gjerstad, har nyleg gjeve valkomiteen melding om at han stiller seg positiv til å halde fram som fylkesleiar.
Heile leiartrioen i Norges Bondelag stiller til attval i 2018. Det same gjer leiaren i Vest-Agder Bondelag, Tor Erik Leland. Årsmøte i Vest-Agder Bondelag vert skipa til den 12. mars. Då fell domen. Den endelege.
Den norske bonden har god erfaring i å være framoverlent, og da særlig vestlandsbonden. Alle som har prøvd å bære tunge bører i bratte motbakker vet at dette ikke er tida for å være rak i ryggen.
Takk til arrangørane, takk til gjestane - takk til kvar einskild. Sørlandssamlinga 2018 vart som venta ei vellukka høgtidsstund. Ei vellukka samling for bøndene på Agder - og ei triveleg helg for deira næraste pårørande. Neste år vert det garantert skipa til ein hei-dundrande jubileumsfest.