Foto: øystein moi

Det var ein grå novemberdag i Bygland sokn. Skyene låg som eit grått teppe øve Byglandsfjorden. Ikkje ein einaste aure braut vassflata på jakt etter ein velfortent myhank..Ikkje ein einaste tysk bubilturist å sjå. Ein fredfull dag. Ein annleis dag.

Foto: øystein moi

På  KVS Bygland var det samstundes liv og røre, både på skuleplassen, i fjoset, på låven - og oppe i skogbrynet. Naturbruksdagen vert skipa til av Skogselskapet i Agder i samarbeid med KVS Bygland, landbrukskontora i dei ulike kommunane, lokale skogeigarlag, Bondelaget m.fl.
I området rundt skulen var det fleire postar, med ulike tema, som elevane måtte innom.

- Jakt og fiske - artsbestemmelse
- Dyrehald på ein gard - hest og sau
- Skogbruk i praksis
- Verkstad

Agderkontoret sin utskræmde bladfyk var hjarteleg tilstades med både fotografiapparat og notatblokk. Omkring 100 elevar frå heile dalføret fekk oppleve ein spanande - og ikkje minst lærerik dag. 
Då det lokale skogeigarlaget, under leiing av grillmeister Øivind Aakhus, fyrte opp både bålpanne og kaffebål - ja då vart det både lunt, varmt og triveleg. På eit jorde. På Bygland.

Kjell Arne Rosseland gav elevane ein leksjon i praktisk skogsarbeid som dei vonleg seint vil gløyme.  Mange hadde aldri tidlegare vore i nærleiken av ei levande motorsag - og langt mindre sett proffesjonell felling av ei velvaksen furu. ( foto: øystein moi )

 

Kjell Arne Rosseland representerer ei raudlista, og utryddingstruga yrkesgruppe. Tømmerhoggar med motorsag, hjelm og vernebukser. ( foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

Skal ein kunne forvalte naturressursene på ein vetug og berekraftig måte - ja då bør ein og kunne handtere ei moderne jaktrifle. På Naturbruksdagen på Bygland var det mange  som nytta høvet til å skyte på blink. ( foto: øystein moi )

 

Øivind Aakhus representerte det lokale skogeigarlaget og sytte for at ungdomane fekk i seg nok sikringskost. Pylse, løpse og Cola-light. Ein gild gut. Ein dugande gardbrukar. ( foto: øystein moi )

 

Foto: øystein moi

 

Foto: øystein moi

 

Triveleg skuledag på KVS Bygland. (foto: øystein moi )

 

Ikkje så himla enkelt å få denne ulldotten inn på vekta... ( foto: øystein moi)

 

Faglærar Espen Ripegutu syter for at alt vert korrekt til slutt - både av omsut til dyrevelferd, og av omsut til kontrollmåling av den levande vekta på sauen. ( foto: øystein moi )

 

Kor mykje veg sauen ?? Svara varierte frå 15 kg - og opp til eit par hundre kilo. Det vart med andre ord ein lærerik dag for mange unge setesdølar. ( foto: øystein moi )

 

Takk til arrangørane, og samarbeidspartnarane, for ein gild dag på KVS Bygland. Ein dag som elevane vil minnast i lang tid frametter.Før myrket kom sigande , og før Olav Neset, på Neset Camping, hadde skrudd på utelampa - ja då var vonleg alle 100 elevane trygt attende i heimen. Takksame - og ei oppleving rikare. Ei oppleving dei ikkje kan laste ned korkje på datamaskinen eller på mobiltelefonen. ( foto: øystein moi )