Landbrukslaget Nord er eitt av to lokallag i Orkdal, og det dekkar gardane i tre grender lengst nord i kommunen.

- Opprinneleg var det eitt lag i Orkdal, men bøndene her oppe på markagardene følte ikkje at dei vart så godt ivaretatt den gongen, sidan gardane nede på flatbygdene var så store og vi dreiv ganske smått. Men i dag er det større gardar også her ute, fortel leiar Eivind Kvakland.

Sterk optimisme i landbruket

Orkdal kommune har eit aktivt landbruksmiljø med to lokallag. Nede på flatbygdene er det mykje korn og litt husdyr, mens bøndene i bygdene i kommunen driv med storfe, sau – og det er også eit bruk som har rugeeggproduksjon.

- Eg opplever at det er ein sterk optimisme i landbruket i Orkdal. Sjølv om det har vore ei stor endring på gardane her ute i bygda sidan årtusenskiftet, og det berre er fem mjølkeprodusentar att, produserer vi meir mjølk enn vi gjorde for 17 år sidan. All jorda og nesten alt beitet blir drive. Og på fem år har alle mjølkeprodusentane i Landbrukslaget Nord bygd lausdriftsfjøs med mjølkerobot. Alle er ferdig med dei store investeringane og klare for framtida, seier Kvakland.

Får råd frå tidlegare landbruksminister

Laget har rundt 50 medlemmar. Eitt av medlemmane er tidlegare landbruksminister Kåre Gjønnes, som kjem med gode råd når det trengs. Og ungdommane på dei aktive gardsbruka blir verva inn i Landbrukslaget Nord så fort dei er gamle nok.

- Det er eit godt samhald mellom bøndene, og det har mykje med det lokale landbrukslaget å gjere. Vi har mest aktivitet på etterjulsvinteren, før våronna startar. Då arrangerer vi fleire temamøte, og tar med oss medlemmane på busstur, får med oss ein bonde frå ein av nabokommunane og ser på gardane der. Det er sosialt, og det er kjekt å lære meir om korleis andre driv, fortel Kvakland.

Som i andre kommunar med mykje tilflytting, er det eit stort utbyggingpress i Orkdal.

Kjempar for matjorda

- Vi samarbeider med Orkdal Bondelag når det er noko alvorleg som står på, og vi har jobba mykje med jordvern. Først då E39 vart bygd ut, og så no nyleg då det vart bestemt av Norsk Kylling skal få bygge ny fabrikk på kornjord nede i bygda. Vi leverte innspel til reguleringsplanen, men kommunestyret gjekk inn for å bygge ut, mot berre to stemmer. No må vi prøve å berge stumpane av den viktige matjordressursen.

Sjølv om nesten 100 prosent av  bøndene i nedslagsfeltet til Landbrukslaget Nord er medlemmar, ligg det an til medlemsvekst neste år. Då blir ein del av nabokommunen Snillfjord slått i hop med Orkdal.

- Vi håpar at bøndene der blir medlemmar hos oss. Samtidig er vi opptatt av at lokallaget ikkje skal bli for stort, så vi kjem nok ikkje til å slå oss i hop med andre lokallag sjølv om fleira kommunar blir slått saman. Det er viktig å ha lokallaget som ein lokal møteplass, seier Eivind Kvakland i Landbrukslaget Nord.