- Skulebesøket kom i stand etter førespurnad frå Senter for yrkesrettleiing i Hordaland Fylkeskommune. Fleire elevar ved Nysæter
Ungdomsskule hadde i faget "Utdanningsvalg", vist interesse for naturbruksutdanninga. Bondelaget vart difor utfordra til å halde ein presenterasjon om tema, fortel Torunn, som hadde med seg både lokallagskollega Marit Stangeland og Erik Willgohs, leair i Huglo Bondelag: Samarbeid og felles oppbakking hjelper godt!
- Det å stå framafor skuleelevane, var ei ny, men kjekk og spanande oppleving! Bodskapen vår til andre lokallaga, vert difor: Ingenting å kvi seg for. Ta utfordringa og hiv dykk utpå, om førespurnaden kjem. For me ynskjer jo alle å fortelja ungdommen om næringa vår, slik at fleire fattar interesse for landbruk og matprodusjon. Og det er heilt sikkert hjelp å henta hos Hordaland Bondelag og Landbrukstunet Kompetanse til førebuiinga.
- Eit anna moment ved skulebesøk, er høvet for å utvikla kontakten vidare, gjennom andre samarbeidstiltak. På denne måten kan vi få synleggjort næringa vår endå betre, avsluttar Torunn, og undrast om direkte henvendig frå lokallaga til skulane, kan vere vegen å gå.
Les oppslaget på Stord Bondelag sine facebooksider.
