[19.11.2008]
[05.11.2008]
[23.10.2008] Dette prosjektet er i regi av Norges Bondelag og femnar om fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tidlegare disponent i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Terje Engvik (biletet), er tilsett som prosjektleiar for det 3-årige prosjektet. Terje har kontorstad hos Sogn og Fjordane Bondelag i Førde. Han har telefon 57 83 70 86 /975 17 111
[16.09.2008]
[03.06.2008] Nedenfor følger prinsipprogram, virksomhetsplan og Lover for Norges Bondelag samt vedtekter for det heleide datterselskapet og driftsselskapet Bondelagets Servicekontor AS som ble opprettet 1. januar 2003.
[05.11.2008]
[01.01.2009] Året som er lagt bak oss er eit år som har bydd på ulike utfordringar. Som ny leiar var det med ein ein god porsjon spenning eg starta opp, seier fylkesleiar Per Hilleren. Jordbruksoppgjeret i 2007 gav oss nokre forhåpningar om at det var vilje til å styrkje økonomien i næringa meir enn det som var gjort siste åra. Difor var forventningane store framfor jordbruksforhandlingane i 2008 . Når tilbodet så såg ein at her skulle det meste takast på pris i marknaden og det ville gje oss ei utfordring. Det som det knytte seg mest spenning og usikkerheit til var retten til justeringsforhandlinga. Øvingane mot slutten av 2008 synte kor vanskeleg det vart.
[30.12.2008] - Eg vil oppmode folk som ferdast i skog og fjell om å melde frå dersom de oppdagar spor etter rovvilt seier organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag Merete Støfring. Tilbakemeldingane skal rettast til Statens Naturoppsyn sine lokale kontaktpersonar i fylket. - Alle observasjonar og registreringar er viktige. Skal ein lukkast med å få ei korrekt oversikt over bestanden treng staten sitt personell hjelp av lokale personar i registreringsarbeidet.
[29.12.2008] Kvinnherad har liggje på landstoppen når det gjeld talet på felte dyr i mange år. Jakta 2008 representerer ikkje noko unnatak, med 1070 fellingar. Føremålet med det høge uttaket er å stoppe bestandsveksten, seier Leiv Trygve Varanes, kommunen sin fagperson på området. Kommunale mål for hjorteforvaltinga og bestandsplanlegging i regi av grunneigarane, er viktige verkemiddel for å klare dette, understrekar Varanes, som er godt nøgd med jegerane sin innsats for å ta ut både nok og rett type dyr.
[29.12.2008] Nils T. Bjørke, andre nestleiar i Norges Bondelag- og tidlegare fylkesleiar i Hordaland Bondelag, har travle tider. Nils er nå vald som Norges Bondelag sin representant i styret til KSL Matmerk. I tillegg vart han nyleg vald inn i styret til Landbrukets HMS-teneste. Stiftelsen KSL Matmerk har som føremål å skape preferanse for norskprodusert mat gjennom ulike ordningar og tiltak.