Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

Svært alvorleg når byråkratiet undergrev demokratiet

Publisert 01.02.2012

Dagen før gaupejakta tek til kjem ei dramatisk melding frå "Det Kongelige Miljøverndepartementet." Talet på gauper som kan fellast i Region 2 er meir enn halvert. Talet er redusert frå 32 - til 15 gauper. Dei to organisasjonane " Foreningen Våre Rovdyr" og "Aksjonen Rovdyrets Røst" har fått medhold i sine klager. Ei avgjersle som vekkjer harme og undring hjå lokale politikarar, næringsdrivande og tillitsvalde. Ei avgjersle som no hamnar på meir enn eitt bord på Løvebakken. Dette er politisk sprengstoff.

Erik Fløystad er leiar av Aust-Agder Bondelag. Mjølkebonde - og politikar med lang røynsle frå ulike nivå innan offentleg forvaltning og offentleg styresett.
Denne vinterkalde morgonen, like aust for Arendal sentrum, går det med ekstra mykje kaffe kring kjøkkenbordet heime på garden.Telefonen kimer jamnt. Folk trur knapt kva dei høyrer.
"Dette er eit hån mot stortingsforliket frå sist sumar. Eit samla Storting vart m.a. samde om eit bestandsmål for dei ulike rovdyra." seier Erik Fløystad, klårt og tydeleg
Etter ei grundig - og fagleg vurdering kom nemnda fram til ei kvote på 32 dyr i Region 2. Dei to interesseorganisasjonane" Foreningen Våre Rovdyr" - og "Aksjonen Rovdyrets Røst" leverte klage på desse kvotene.
Brått og uventa  he så departementet teke i bruk eit nytt "prognoseverktøy" for utrekning av kvotetal - dei to interesseorganisasjonane er bønhøyrde - og dagen før gaupejakta tek til vert altså talet på fellingsløyve meir enn halvert.
" Dette vil garantert få eit politisk etterspel på nasjonalt nivå.  Kor i all verda er respekten for stortingsfleirtalet."
Erik Fløystad bur seg på kamp. Hjå Aust-Agder Bondelag er det mange som ristar på hovudet i dag." Det kan då ikkje vere slik at byråkratiet overkøyrer eit klinkande klårt stortingsfleirtal."

Ingen god dag for fylkesleiaren i Aust-Agder Bondelag, Erik Fløystad. ( foto: øystein moi )

Nrk Sørlandet dekket saken onsdag ettermiddag. Se sendingen her

Kåre Gunnar Fløystad, fylkestingsrepresentant for SP, og Aust-Agder fylke sin mann i rovviltnemnda, Region 2, er minst like opprørt. På mange måtar djupt såra og vonbroten.
Store delar av føremiddagen he han site i telefonkontakt med politikarar frå den øvste, nasjonale divisjonen. Reaksjonane er sterke, på tvers av partigrensene. " Dette er dramatisk. Dette er  umyndiggjering og overstyring. Dette er ei sak som garantert vil skape eit himla rabalder. Eg må vere varsam med vokabularet, men her er det vanskeleg å uttale seg utan å bruke stygge ord."

Kåre Gunnar Fløystad er Aust-Agder fylke sin representant i rovviltnemnda. No lovar han "eit himla rabalder."
(Foto: øystein moi)

 

 Sterke reaksjonar i Telemark

Telemark høyrer og til den omtala Region 2 i rovviltforvaltninga. Dette fylket vert endå hardare råka enn kva ein gjer i delar av Aust-Agder, og reaksjonane let ikkje vente på seg hjå elles så trauste og venesæle telemarkinger.
"I dag er er eg rett og slett forbanna" seier leiaren i Telemark Bondelag, Kjell Sølverød.
"Dette er ei innskrenking av sjølvråderetten, ei sakshandsaming - og ei overkøyring av demokratiske styringsmodeller som er heilt uakseptable."

Sølverød seier at det tidlegare kvotevedtaket var tufta på solid fagleg grunnlag. Når MD så får ein klage på bordet, tingar dei ei uttale får DN ( Direktoratet for Naturforvaltning) som visar til ein heilt ny rapport. Ei ny analyse frå NINA ( Norsk institutt for naturforskning), kor eit heilt nytt prognoseverkty vert teken i bruk.
I fylgje Sølverød er det mange teikn her på at dette er ein rapport som er ferdig produsert - eit bestillingsverk.

No er fylkesleiaren i tett kontakt med stortingsrepresentantar tilhøyrande heile rovviltregionen. Han he samstundes registrert, i løpet av dagen, at det same he skjedd i fleire rovviltregionar i vårt langstrakte land.
Kjell Sølverød er førebudd på, og klar for, eit nasjonalt opprør. Eit opprør mot overstyring - og innskrenking av den lokale og regionale sjølvråderetten. Stikk i mot kva som er vedteke i Nasjonalforsamlinga." Dette er meir enn alvorleg" avsluttar leiaren i Telemark Bondelag.

 

.

 Kjell Sølverød. Leiar av Telemark Bondelag (foto:privat )

 


 

Av: Øystein Moi

CorePublish publiseringsløsning