Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

Søkjer leiar til prosjekt ”Sauekjøtt, ja det er gøtt!”

Publisert 19.12.2011

Telemark Sau & Geit, Telemark Bondelag og Telemark Bonde- og småbrukarlag søkjer prosjektleiar til prosjektet ”Sauekjøtt, ja det er gøtt!”

Mål for prosjektet er:

1. Auke lønsemda i saueproduksjonen, samla i Telemark og for den enkelte produsent.

Det skal skje ved:

  • Ein auke i talet vinterfôra sau i Telemark og stanse nedgangen i talet saueprodusentar i fylket.
  • Betre kvalitet i saueproduksjonen, lammevekt, klassifisering ved slakting
  • Betre utnytting av beiteressursane i fylket.
  • Betre kvalitet i grovfôrproduksjonen
  • Utvikle løysingar for meir samarbeid blant produsentane

 

2. Gjere meir bruk av utmarksområde til enkelt friluftsliv, folkehelseaktivitetar. Utnytte og utvikle beitebruk, sanking, tilsyn til  å restaurere stigar mv. for ferdsel i området. Trekke lokale og tilreisande inn i desse aktivitetane.

 

Med atterhald om endeleg finansiering, søkjer vi:

Prosjektleiar for 1 år med høve til forlenging  for eitt til to år til. Stillinga er i  utgangspunktet 100 %, men ein kan gjere avtale om noko redusert stillingsdel.

Vi ønskjer:

  • Ein person med høgare, relevant utdanning, t.d. landbruk, biologi. Kan evt. kompenserast for med relevant praksis og god kjennskap til landbruket
  • Ein person som er god på samarbeid, og samtidig kan arbeide sjølvstendig, oppsøkjande og målretta. Erfaring frå anna prosjektarbeid vil bli vektlagt
  • Ein person som har gode kontaktskapande evner og er flink til å formidle faglege tema

Vi legg vekt på å finne personen som har dei rette personlege og faglege kvalifikasjonane for jobben.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utfordrande arbeids- og utviklingsoppgåver
  • Fleksibel arbeidssituasjon
  • Løn etter avtale

Kontorplass vert å avtale med prosjekteigarane.

Søkjer må kunne disponere bil. Ho/han må pårekne noko reise- og møteverksemd, også på kveldstid.

Prosjektet har ei styringsgruppe, samansett av representantar for eigarorganisasjonane og Fylkesmannen/Fylkeskommunen

For meir informasjon, kontakt Amund Johnsrud, Telemark Bondelag. Tel 97 54 18 42

Søknad med CV og attestar, sendast elektronisk til telemark@bondelaget.no eller pr. post til Telemark Bondelag, Landbrukets hus, Bøvegen 271, 3810 Gvarv. Merkast  ”sau”.

Søknadsfrist  9. januar 2012.

Ønskje om oppstart så raskt som mogleg, men vert å avtale ved tilsetjing.

Av: Amund Johnsrud

CorePublish publiseringsløsning