I sin gjennomgang av meldinga, poengterte Lien Aasland at Regjeringa meiner alvor når den set eit mål om auka matproduksjon i takt med folkeveksten i landet, og at ein vil følgje opp dette målet med verkemidlar som gjer det mogleg å få til produksjonsauken.
Terje Riis-Johansen, fylkesordførar, møtte også hos Lars Vassend. Han er opptatt av at Telemark må gripe dei moglegheitene som ligg føre tilå ta sin del av den auka produksjonen. Fylket vårt har areal og ledig produksjonskapasitet, mens andre regionar kan få problem med miljø og forureining hvis dei skal auke matproduksjonen. -Nå er det vår tur, slo fylkesordføraren i Telemark fast.
Sjå meir om den nye stortingsmeldinga på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet.
Høyr Kjell A. Sølverød sine kommentarar og intervju med Helga og Hans-Ole Erikstein i Bø, hos NRK Telemark (16 min. og 50 sek. ut i sendinga).

