
I si innleiing framfor dei rundt 100 møtedeltakarane, kom Brekk inn på det han såg som utfordringar for landbruket i denne delen av landet, med sin topografi, struktur og inntektsnivå, men han peika også på det han ser som sterke fagmiljø, til dømes innanfor grønsaker, frukt og lokalmat.
Brekk skisserte vidare bakgrunnen for arbeidet med å lage ny stortingsmelding:
- Sterk befolkningsvekst– globalt og nasjonalt
- Vi må produsere meir mat i verda
- Store endringar strukturelt, regionalt og marknadsmessig
- Sterkt importvern og internasjonalt rammeverk er viktig
- Brei oppslutning om landbruks- og matpolitikken
Alt dette gjer det viktig å lage ei heilheitlig melding som ser breidt på verdikjeda frå produsent til forbrukar, samt på skogbruket og utmarksressursane, sa statsråden.
Brekk peika vidare på det han såg som dilemma og problemstillingar i dagens norske landbruk:
- Mål om variert landbruk over heile landet – men tal bruk går ned
- Auka matproduksjon – kor og korleis?
- Auka matproduksjon - redusert klima- og miljøbelastning
- Inntekt og konkurransekraft
- Nasjonal landbrukspolitikk og regionale ulikheiter
- Matprisar og mangfald. Felles interesser og motsetningar mellom forbrukar og produsent. inklusive meir foredling lokalt og på bruka
- Målretting og forenkling av verkemidlane
Vi blir fleire og fleire menneske både i Norge og i verda, og må produsere meir mat, fastslo Brekk. Korleis gjer vi det? Kva fremjar og kva hemmar produksjonsauke?
Han viste også til at landbrukets samfunnsoppgaver må få ein sentral plass i meldinga. Det handlar om matsikkerheit og mattryggheit, påverknad på klima og miljø jf. landbrukets klimamelding.
Ambisjonen er å ta heile landet i bruk - halde på distriktsprofilen og det grasbaserte husdyrhaldet. Vi må bruke og utnytte arealet vårt betre.
Landbruket er avhengig av å ha konkurransekraftige verdikjeder, og av å tilby sikre og attraktive arbeidsplasser. Korleis skal ein trekkje folk til næringa og sikre ei god rekruttering.
Utvikling av nye næringar er ein viktig og nødvendig del av framtida for landbruket, fordi mange av næringsutøvarane treng flere bein å stå på. Kor stort er potensialet for næringsutvikling og korleis får vi realisert dette potensialet?
Mat- og landbruksministeren poengterte at han inviterer til ein open prosess om den nye meldinga, og skisserte følgjande tidsplan for arbeidet:
- Våren 2010 Møter sentralt og regionalt. Utgreiingar og evalueringar
- Januar – september Skriving av meldinga
- Oktober – februar Regjeringsbehandling, trykkeprosess
- Våren 2011 Framlegging for Stortinget
Etter Brekk si innleiing fekk var det førebudde innlegg frå representantar frå næring og forvaltning i dei tre fylka.
Landbruksdirektør Helge Nymoen:
Landbruksdirektør Helge Nymoen i Telemark hadde ein gjennomgang av utviklingstrekk for landbruket i regionen. Innleiingsvis peika Nymoen på at det er to forhold for landbruket som som trekkjer i i litt i ulike retningar: Trong for auka konkurransekraft i landbruket og trong for meir matproduksjon.
Det kan vere utfordrande for landbruket og imøtekome begge desse behova, ikkje minst i ein region som Agder og Telemark.
Nymoen sa at han ønskte seg ei landsdelsretta melding, der ein legg særleg vekt på dei faktorar det er mogleg å gjere noko med, framfor å drøfte dei vilkåra som ligg fast. Slik han ser det, er det er tid nå for å tore å ta enkelte nye sprang og leggje vekk dei verkemidlane som ikkje fungerer etter intensjonane.
Landbruksdirekøren gjennomgikk ein del talmateriale, der noko er nytt, sidan stoda i tre fylka tidlegare til dels har vore skjult i tala frå meir dominerande naboregionar.
Dei nye tala visar at situasjonen er ganske utfordrande for Agder og Telemark, da nedgangen er stor hos oss i mange av produksjonane, samanlikna med landsgjennomsnittet. Spesielt alvorleg er det at denne nedgangen gjeld viktige produksjonar som mjølkekyr og sau, som skal hauste av gras- og beiteressursane. Når det gjeld storfekjøt er det imidlertid ein liten oppgang i regionen.
Avslutningsvis i sitt innlegg, peika Nymoen på reglar og ordningar som etter hans meining nå bør vurderast:
- Soneinndeling for korn. Ordninga er i ferd med å bli veldig komplisert, og stimulerer til korndyrking på marginale og lite eigna område
- Tollvernet for eple er utforma slik at det gir norsk vare ein vanskeleg konkurransesituasjon.,Vekstgruppeinndelinga for frukt bør også sjåast på
- Vurdere kvoteordninga for mjølk. Sidan 1996 er det brukt 100 mill. kr på å bytte mjølkekvotar internt mellom produsentane. Gevinsten har for ein stor del gått til dei som har trekt seg ut av produksjonen
- Sjå på korleis lovverket fungerer. Odelsloven hemmar rekruttering
- Innføre felles rekneskap for jord, skog og stadbunden næring. Få ei felles næringsoppgåve for desse næringsgreinene. Utvide definisjonen av kva som er landbruksnæring
- Etablere eit regionalt landbruksprogram for dei tre fylka. Tillate meir regional styring og handlingsrom i landbrukspolitikken
- Staten bør kome med konkrete oppdrag til regionane, framfor at ein må bruke tid og krefter på å konkurrere om midlar frå dei nasjonale verdiskapingsprogramma
Per Arne Hoppestad, ung bonde og grøntprodusent:

Per Arne Hoppestad er ung og nyetablert som bonde, driv med grøntproduksjon i Gjerpen og leiar grøntutvalet i Telemark Bondelag, han var ein av dei som var bedne om å halde innlegg frå landbruksnæringa si side.
Per Arne poengterte kor avgjerande det er med stabile politiske rammevilkår for dei som driv næringsverksemd i landbruket. Poltikarane må sørgje for å ha styring på det som skjer. Ein bonde satsar for minst 20 år fram i tida, og treng stabilitet i ramevilkåra for å kunne gjere nødvendige investeringar.
Når det gjeld rekruttering og det å få ungdom til å starte opp i landbruket, er det økonnomi og inntekt som er det overordna viktige. Det må vere mogleg å få ei inntekt som er minst samanliknbar med det kameratane får i andre yrke. Og det må løne seg å vere ein dyktig produsent.
Gardsdrift kan delast inn i høvesvis avvikling – videreføring – utvikling. Per Arne meinte at vidareføring også må sjåast på som eit positivt alternativ. Det handlar om å konsolidere eksisterande drift, og heile tida oppdatere seg på det som kjem innanfor den produksjonen ein er i gang med.
I mange av produksjonane er det nå lite høve til å auke målprisane. For å styrkje økonomien er det nødvendig å bruke løyvingar over statsbudsjettet meir aktivt enn idag. Og det er heilt avgjerande at tollvernet vert oppretthalde.
Per Arne kommenterte også utviklinga i butikk-kjedane med stadig større del eigne merkevarer (EMV). Dei gjer situasjonen svært vanskeleg for produsentane, sidan EMV definerer prisnivået i sluttmarknaden.
Skattemessig er det veldig viktig å endre avskrivingsreglane i landbruket, slik at dei stemmer meir overens med den reelle levetida for driftsmidlane som vert kjøpte inn.
Det gjer konkurransen svært vanskeleg for norske produsentar at stadig fleire plantevernmidlar vert forbodne her i landet. Det skjer mens midlane held fram som lovlege i andre land. Denne situasjonen svekker norske produsentars konkurranseevne mot importert vare.
Birte Usland, Vest-Agder. Fylkesbondelaga:

Sjå manus for dei ulike innleiingane på møtet i Kristiansand på heimesida til Fylkesmannen i Aust-Agder
