Solbu viste til at grunnlag for systemet er eksisterande KSL-standardar mellom anna innanfor HMS. Det er kjørt fleire pilotar på utprøving av systemet, for å kunne justere opplegget. Ei gruppe samansett av ulike interesser innanfor både tilbydar- og kjøparsida har utvikla systemet, gjennom eit prosjekt i regi av Norges Bondelag.
Solbu sitt bildeføredrag kan du laste ned her
Fagkoordinator i Landbrukets HMS-tjeneste Per Obrestad, sa at dei vil tilby kursopplegget. I årsmøtet kom det fram at fleire av tilbydarane også treng å ta kurset i praktisk HMS-arbeid før dei gjennomfører IPT-systemkurset. L-HMS sa at dei kan tilby dette nå i vår, og så gjennomføre IPT-systemkurset til hausten. Kursa vil bli gjort kjent gjennom tilbydarnettverket i løpet av kort tid.
Sjå Obrestad sitt bildeføredrag her
Vetle Øverland, Skien vart attvald som leiar for nettverket, med seg i arbeidsutvalet har han Benedicte Ajer frå Lunde og Kirsten Oterkiil, Skien. Tellef Farsjø, Sannidal er vara til Arbeidsutvalet. Kontingenten for å delta i nettverket er sett til kr 500 for 2011.

