Vel 4500 publikummarar var innom festivalen, ei auke på ca 1500 frå i fjor. Omlag 80 utstillarar og 30 ulike aktivitetar gjorde at arrangementet sto fram som eit breidt familiearrangement med fokus på aktivitetar og utstyr for skog og villmark.
Bondelaget serverte tradisjonsmat på setra som ligg til festivalplassen på Drangedal bygdetun, og hausta mykje ros for rømegrauten sin. Les meir om Heilt vilt i Kragerø Blad Vestmar og på festivalens eigne nettsider

