Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

Heder og ære til Aketun Fisk og Stoa Sjokolade!

Publisert 30.08.2010

Det Norske Måltid - jakten på smaken av Norge - er ein landsomfatttande konkurranse for å finne fram til dei beste lokalprodusera varene i kvart fylke. I Telemark blei fylkesvinnarene kåra under MerSmak i Skien og vinnarane blei: Varmrøykt aure frå Aketun Fisk, Fyresdal i klassa Årets råvare sjø og Gaustadtoppen XO konfekt frå Stoa sjokolade i Skien blei årets produkt.

Fire produkt fekk hederleg omtale: Lys, heilfeit ekte geitost frå Lega ost, Øyfjell, varmrøykt sik frå Aketun Fisk, Reimes reker i lake frå Reimes rekefabrikk i Langesund og varmrøykt sik i olje frå Løyte gard i Drangedal.
Årets go'bit blei aure i olje frå Løyte gard.
Vinnarane i kvar av dei tre kategoriane går vidare til nasjonal finale i november.
Fylkeskonkurransane for Vestfold, Buskerud og Telemark gjekk føre seg på Handelstorget under MerSmak i Skien.

Av: Bergit Li

CorePublish publiseringsløsning