I debatten viste ein del produsentar til at dei har behov for å nytte rådgiving frå fleire av forsøksringane, og spørsmålet vert difor korleis ein framover bør samarbeide mellom dei ulike ringane, og fordele oppdraga.
Knut Volland gikk langt i å antyde at det frå Norsk Landbruksrådgiving si side er ønske om å lage ein felles, landsdekkande rådgivingsorganisasjon, og gå vekk frå dagens regionale organisering. Argumenta for det er at ein da kan styrkje den bransjevise rådgivinga. På den andre sida vart det imidlertid påpeika at rådgivarane på same fagfelt i dei forskjellige ringane, alt i dag har godt samarbeid og dannar erfaringsgrupper som utvekslar omkring faglege tema og spørsmål.
Innleiinga til Volland og Strbac kan du sjå her.

Ved vala til nytt grøntutval vart Per Arne Hoppestad attvald som leiar. Med seg i utvalet har han Kjetil Nyhus og Jorid Vale frå Gvarv, samt Gunnar Li, Bø, Thomas Timland, Sauland og Morten Rogn, Bamble.