Arbeidstittelen på granskinga er «Hvilke forhold påvirker lokal dugnadsånd? - Om aktivitet, engasjement og frivillighet i Norges Bondelag.»
Røed granskar Bondelaget som ein del av eit mastergradsstudium i organisasjon og leiing ved Høgskulen i Østfold. Det er eit erfaringsbasert studium for vaksne deltidsstudentar. Sentralt i studiet står å bruke problemstillingar frå eit felt studenten sjølv kjenner frå før. Som ein erfaren tillitsvald i Bondelaget, er det naturleg for Elin å ta for seg sin eigen organisasjon.
Ho har sjølv hatt verv i Botne og Hillestad Bondelag i Holmestrand i 10 år - av desse seks år som lokallagsleiar, og ho har også vore i fylkesstyret i Vestfold i fem år; fire av dei i nestleiarjobben.
Til dagleg driv Røed og mannen mjølkeproduksjon i samdrift.
Les meir hos Bondebladet.no her
