Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

DN: Nei til å peile gaupe som tar sau. Miljøverndepartementet er ankeinstans

Publisert 24.08.2010

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har avslått søknaden frå Telemark Bondelag om å peile den radiomerkte gaupa som har tatt fleire sauer i løpet av sommaren, i Åmotsdal og rundt Lifjell. Onsdag drøftar styret i Telemark Bondelag saka, og behandlar framlegg om å anke avgjerda inn for Miljøverndepartementet.

DN peikar på prinsippet om differensiert forvaltning i forvaltningsplanen  for rovvilt i region 2 som grunnlag for avslaget sitt, og at den aktuelle gaupa ikke kan sjåast på som ein særskilt skadevaldar i det området det er snakk om.

-Dette er ein merkeleg argumentasjon frå DN si side, seier organisasjonssjef i Telemark Bondelag, Amund Johnsrud. -Det at ein har prøvd ut prinsipp for differensiering i rovviltforvaltninga i regionen må ikkje bli brukt mot oss, når vi nå freistar å løyse eit akutt problem.  -Samtidig kan det ikkje bli eit argument for å å spare ei radiomerkt gaupe som beviseleg har tatt mykje sau, at andre gauper også kan ha drept husdyr i området, slår han fast.

-Forvaltningsmyndigheitene må ta inn over seg at Regjeringa nå ønskjer meir effektivitet i skadefellinga av rovdyr. Da må den stille opp med tilgjengelege hjelpemidlar, slik som tilgang til gps-data, når disse ligg føre, seier Amund Johnsrud, som innstiller på å anke avslaget frå DN framfor styremøtet i Telemark Bondelag på onsdag.

Her kan du lese svarbrevet frå DN.

Her kan du lese om søknaden som blei sendt DN tidlegare i august.

CorePublish publiseringsløsning