Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

Det går så fort...

Publisert 20.06.2012

På sikkerheitskvelden i Siljan demonstrerte Landbrukets HMS teneste kor fort det kan gå viss kleda kjem bort i kraftoverføringsakselen på traktoren. På eit øyeblikk blei dokka fylt av halm drege inn i kraftoverføringsakselen og det er bare å tenkje korleis det ville gått dersom det ikkje var ei dokke.

Kampanjen "Trygghet og helse i landbruket" blei opna i Telemark med eit arrangement i Siljan tysdag kveld. Kampanjen er sett i verk for  å sikre at eit samla landbruk samarbeider effektivt og målretta for å løfte HMS-innsatsen og redusere omfanget av uønska hendingar.
I tillegg til sikkerheit ved bruk av traktor og reiskap var det fokus på behandling, flytting og lasting av storfe.
Kvelden blei avslutta med grillmat og nyttige tips frå Per Obrestad og Aslaug Øverland frå Landbrukets HMS-teneste.

Utover hausten og vinteren blir det fleire arrangement i samband med kampanjen, følg med på heimesida til Telemark Bondelag.

 

 


 

Av: Bergit Li

CorePublish publiseringsløsning