Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

Ankar gaupe-avslag til Miljøverndepartementet

Publisert 29.08.2010 - sist oppdatert 30.08.2010

På vegner av landbruksorganisasjonane i Telemark og nabofylka, ankar Telemark Bondelag avslaget på GPS-sporing av ei radiomerkt gaupe til Miljøverndepartementet. Anken vert fremja etter at Direktoratet for Naturforvaltning (DN) avslo å bruke tilgjengelege GPS-data til å lokalisere gaupa for å gjennomføre skadefelling.

DN grunngir avslaget sitt med at det er ei sonedifferensiering innanfor regionen (fylka Buskerud, Vestfold, Telemark og Aust-Agder), og at direktoratet ikkje finn grunnar gode nok til å bistå med GPS-data ved skadefelling i den sona som Åmotsdal er ein del av. Konkret skriv dei at sidan det er sett eit mål om gaupeyngling i denne "grøne" sona, ønskjer DN ikkje å bistå ved skadefelling.

I anken skriv Telemark Bondelag at det ikkje kan vere relevant å leggje vekt på soneinndelinga i dette tilfellet. Sjølv om det er bestemt at ein skal ha ynglande gaupe i den aktuelle sona, er det samtidig eit viktig beiteområde for husdyr. Vidare er situasjonen nå at bestandsmålet for gaupe i heile regionen er overoppfyllt, slik at det ikkje lenger finst særskilte grunnar til å ta vare på bestemte individ.

DN hevdar vidare at det den radiomerkte gaupa ikkje er å sjå på som ein særskilt skadevaldar i området. Det framstår som ein merkeleg påstand, skriv Bondelaget i ankebrevet,  all den tid det er dokumentert at same gaupa tok heile 11 sau berre i løpet av ein kort periode i juni. 

At den aktuelle gaupa berre er ein blant fleire som tar sau, kan heller ikkje vere noko argument mot å bruke tilgjengelege hjelpemidlar for å felle ho, slik som GPS-data. Telemark Bondelag bed difor Miljøverndepartementet gjere om DN sitt vedtak i saka, og tillate at GPS-data vert brukt for å kunne gjennomføre skadefelling på ein effektiv måte. I ankebrevet påpeikar Telemark Bondelag at eit slikt vedtak vil vere i tråd med formuleringane om rovviltforvaltning, slik det står i regjeringserklæringa frå i fjor haust. I erklæringa har regjeringspartia slått fast at det offentlege sitt ansvar for skadefelling av rovvilt må bli forsterka.

Les brevet med anke her

Les meir om saka i tidlegare artiklar her

 

Av: Amund Johnsrud

CorePublish publiseringsløsning