Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

50 000 innanfor portane på Dyrsku'n etter to dagar

Med Dyrsku'n kom sola til Telemark, og laurdag kveld har nærare 50 000 løyst billett for å koma inn på årets messe. Det var Dyrsku'stemning av godt gamalt merke i Seljord, og for Telemark Bondelag og dei andre landbruksorganisasjonane var det spennande å presentere Bondens møteplass i ny drakt og på ny plass for publikum.

Lars H. Roe, leiar i Telemark Bondelag sitt kornutval, rettleiar ein ung dyrsku'gjest i korleis bruke handkverna som er utstilt på Bondens møteplassEtter to dagar ser det ut til at plasseringa i 2. høgda i Husdyrhallen fungerer som planlagt. Det går ein jamn straum av folk opp den nye  låvebrua, for å teste dei mange  smaksprøvene og slå av ein prat med tillitsvalde og funksjonærer i Telemarkslandbruket.

Meir dyrsku'stoff på www.dyrskun.no

Godt samarbeid mellom Bygdekvinnelag og  Bondelag på Bondens møteplass. Borghild Hardang-Hanto og Kjell A. Sølverød hadde hendene full med å servere smaksprøver av "tilslørte bygdekvinner" til alle som var innom standen.

 Bjørn Tor Svoldal frå Yara orienterte om bakgrunnen for prissvingingane på gjødsel, og vidare utsikter for gjødselmarknaden

 

 

 

Av: Amund Johnsrud

CorePublish publiseringsløsning