[09.03.2010] Ønskjer du meir kunnskap om småskala kraftproduksjon? Telemark Bondelag, Faun Naturforvaltning AS og AT Skog inviterar til småkraftseminar på Quality Straand Hotell i Vrådal onsdag 24. mars. Samarbeidspartnarar er Småkraftprosjektet i Norges Bondelag og Småkraftforeninga.
[09.03.2010] 14. april vil bønder over heile landet vise sin Kjærleik til norsk mat. Målet med aksjonen er å gi forbrukane ei dekkande og meir heil historie om norsk matvareproduksjon enn den dei store kjedene gir. - Gjennomslagskrafta blir større jo fleire av lokallaga våre som deltar, understrekar organisasjonssjef Amund Johnsrud i Telemark Bondelag.
[08.03.2010] Årsmøte i Grøntutvalet i Telemark Bondelag blir halde onsdag 10. mars kl. 18.00 på Landbrukets hus, Gvarv. Alle bondelagsmedlemmar med grøntproduksjon er inviterte.
[07.03.2010] Årsmøtet i Telemark Bondelag opnar fredag 12. mars, kl. 18.00 med ein debatt om den nye stortingsmeldinga om landbruket. Debatten vert arrangert som eit ope møte, og Telemark Bondelag ønskjer alle interesserte velkomen til Bø hotell på fredagskvelden. Terje Lien Aasland er ein av tre innbedne debattantar. Laurdag 13. mars er det behandling av vanlege årsmøtesaker, frå kl. 08.30.
[05.03.2010] Fylkeslaget si årsmelding for 2009 er skrive ferdig og nyleg sendt til lokallaga. Årsmeldinga fortel om eit aktivt arbeidsår, med uttaler på mange tema, samt ulike tiltak innanfor førre års hovudsatsing, kalla "landbruk på dagsorden 2009". Årsmeldinga skal leggjast fram og godkjennast på årsmøtet til Telemark Bondelag, som vert halde i Bø 12. og 13. mars.
[03.03.2010] Universitetet for miljø og biovitenskap (UMB) på Ås tilbyr et kurs som kombinerer teori og praktisk arbeid, og legger et grunnlag for økologiske hager i barnehager, skoler samt gårder som driver sosialt/pedagogisk arbeid. Kurset er aktuelt for bønder som ønsker å lære mer om å bruke gård og hage i skolesammenheng, eller etablere hage som skolen kan bruke.
[02.03.2010] Statens landbruksforvaltning (SLF) presenterer nye nettsider som ved hjelp av tal og statistikk gjer synleg viktige sider ved norsk jordbruk samt utviklingstrekk over tid. Dette er nyttig for alle som er interesserte i fakta og tal om landbruket, og treng bakgrunnsmateriale om landbruksnæringa.
Telemark Bondelag, Landbrukets hus, Bøvegen 271, 3810 Gvarv. Tlf: 35 95 90 30,
telemark@bondelaget.no
Ansvarlig nettredaktør: Amund Johnsrud