Søk

Du er her:

WTO - globale rammer

Publisert 21.11.2011 - sist oppdatert 27.02.2012

WTO gir ikkje ein fri flyt a la EØS, men er ein «botnplanke» for handel over landegrensene. WTO-avtala regulerer marknadstilgang for handel med industrivarer inkludert fisk, og landbruksvarer gjennom eigne avtaler. Før vi undersøkjer forholdet mellom WTO og EØS-reglane, skal vi sjå på nokre hovudtrekk ved WTO, skriv nestleiar i Nei til EU og seniårrådgjevar i Noregs Bondelag, Hildegunn Gjengedal i denne artikkelen som er ein del av årboka til NTEU.

1. Kva er WTO og kva omfattar det?

WTO er den einaste globale organisasjonen som jobbar med reglar for handel mellom nasjonar. Organisasjonen  vart oppretta i 1995, som eit resultat av Uruguay-runda, som gjekk frå 1986 til 1994. Dette var den åttande forhandlingsrunda om redusert toll på industrivarer.  WTO tok opp i seg GATT (General  Agreement on Tariffs and Trade), som hadde fungert som eit forhandlingssekretariat sidan andre verdskrig, og vart samtidig ein permanent organisasjon med fleire forhandlingsområde. WTO har no 153 medlemmer, og medlemslanda står for meir enn 97 prosent av verdshandelen. WTO forvaltar reglar for handel  innan industrivarer, landbruk, tenester og immaterielle rettar (TRIPS). I tillegg har WTO tvisteløysingsmekanismar ved handelskonfliktar.

            WTO har ein generalsekretær som driv sekretariatet i Genève, Sveits, men det er medlemslanda som styrer organisasjonen og forhandlingane. Høgste organ er ministermøtet, som skal møtast minimum annakvart år. Mellom ministerråda er det Hovudrådet med kvart lands WTO-ambassadør som styrer organisasjonen.

            WTO-avtalene blir forhandla fram gjennom runder. Fyrste forhandlingsrunde starta i Genève i 1947, og vart difor kalla Genève-runda. Vi er no inne i den niande forhandlingsrunda, kalla Doha-utviklingsrunda. Den starta i Doha, Qatar i 2001, og det er svært usikkert når og om den vil bli avslutta. Det blir forhandla om reglar for handel med landbruksvarer, industrivarer inkludert fisk (Non Agriculture Market Access – NAMA),  tenester (GATS) og immaterielle rettar (TRIPS). Avtalene blir forhandla kvar for seg, men skal vedtakast samla (single undertaking). Det vil seie at ingenting er ferdig før alt er ferdig.

            WTO fungerer som ein konsensusorganisasjon, der alle medlemslanda må einast om ei avtale. Naturlegvis er nokre land også her viktigare enn andre, og kan legge inn eit betydeleg press på dei mindre viktige landa for å få avtalene igjennom.  Når avtalene er framforhandla må dei godkjennast av dei nasjonale parlamenta.

            Gjeldande avtale, Uruguay-avtala, vart vedteken av Stortinget i 1994, og byrja å gjelde frå 1995. Gjennom avtala har Noreg og dei andre medlemslanda bunde seg til å følgje avtala, og kan bli saksøkte av andre medlemsland om dei bryt den. Til dømes har Noreg laga bindingslister for kor høge tollsatsar dei kan ha på landbruks- og industriprodukt, og kor mykje og kva type støtte vi kan gi til landbruket. Endringar i nasjonal politikk som påverkar desse reglane skal meldast inn til WTO. Ulike komitear styrt av medlemslanda overvakar avtala. Medlemslanda kan saksøke kvarandre gjennom WTOs tvisteløysingsdomstol. WTO gjennomgår også med jamne mellomrom medlemslandas handelspolitikk.

 

2. Hovudmålsetjingar og utviklingstrekk

WTO sjølv kallar hovudmålet sitt å hjelpe produsentar av varer og tenester, eksportørar og importørar til å gjere jobben sin. Hovudfunksjonen er å få handelsstraumane til å gå så uforstyrra og fritt som mogleg.  WTO skal utvikle og overvake globale handelsreglar, som gir ein meir føreseieleg handel og vernar medlemslanda mot vilkårleg og urettferdig handsaming frå andre medlemsland. WTO er også eit klageorgan for medlemsorganisasjonane.

            Sidan dei fyrste forhandlingane i GATT starta opp rett etter krigen, har det globale regelverket bevega seg inn på stadig nye område og avtalene har fått stadig fleire underteiknande land. Uruguay-runda var til dømes den fyrste runda som tok opp i seg reglar for handel med landbruksvarer. Regulering av tenestesektoren og immaterielle rettar kom også inn. Etter kvart som tollsatsane gjekk nedover vart også interessa for å regulere andre former for handelshinder større. Noverande forhandlingsrunde inkluderer landbruk, tenester, industrivarer (NAMA), handel og miljø, reglar for område som antidumping og subsidiar, investeringar, konkurransepolitikk, tilrettelegging for handel, statlege innkjøp, intellektuell eigedom, pluss problem u-landa støyter på i gjennomføring av allereie eksisterande WTO-regelverk.

            WTO fekk altså på mange måtar meir makt ved å utvide virkeområdet. Men samtidig har tilliten til systemet og til medlemslandas evne til å forhandle seg fram til ei samla avtale i periodar vore svekka. Til dømes gjorde ein eit mislukka forsøk på å starte ei ny forhandlingsrunde i Seattle i 1999, medan den politiske viljen og optimismen var stor etter terrorhandlingane i New York. Dette bidrog til at ein klarte å starte opp ei ny forhandlingsrunde i Doha, Qatar i 2001. Etter nokre år med entusiastiske forhandlingsforsøk, er dagens forhandlingsklima prega av pessimisme og manglande politisk vilje til å kome i mål med ei ny avtale. Til og med den alltid optimistiske generaldirektøren i WTO, Pascal Lamy, har siste månadene sagt at forhandlingane er fastlåste. Han har antyda at det kan bli aktuelt å forhandle ferdig enkeltområde for i det heile å kome vidare, noko som kan kome i konflikt med prinsippet om at ingenting er ferdig før alt er ferdig.

            Det vanskelegaste forhandlingsområdet akkurat no er industrivarer inkludert fisk (NAMA). Særleg er det USA og dei veksande økonomiane – som Kina, India og Brasil – som ikkje blir samde. Det er eit av dei nye utviklingstrekka i Doha-runda, at dei store utviklingslanda har fått større makt i forhandlingane. Før kunne EU og USA bli samde om ei avtale, og dei andre ville følgje etter. Slik er det ikkje lenger. Usemja går mellom anna på kor store unntak u-landa skal ha. Tollen på industrivarer er i løpet av forhandlingsrundane sidan andre verdskrig redusert frå 40 til 3,5 prosent i snitt. Landbruk er sannsynlegvis området der ein er komen lengst i forhandlingane. Sommaren 2008 vart det lagt fram eit papir som gjekk langt i forslag om å kutte støtte og toll, men forhandlingane har meir eller mindre stått stille sidan då. Eit lite forsøk på gjenoppliving vart gjort fyrste halvår 2011, men det lukkast ikkje.

            På tenesteområdet dreier forhandlingane seg i stor grad om tilbod og etterspurnad mellom medlemslanda om liberalisering på ulike deler av tenestesektoren.  Noreg hadde opphavleg lagt fram ynskje om liberalisering av tenestesektoren til fleire u-land, men trakk krava etter press frå mellom anna frivillige organisasjonar. Det har vore lite aktivitet på forhandlingane om immaterielle rettar.  

            Finanskrisa har bidrege til at medlemslanda har hatt liten vilje og kapasitet til å investere politisk kapital i WTO-forhandlingane. Manglande framgang i WTO-forhandlingane har gjort at medlemslanda no fokuserer meir på bilaterale og regionale avtaler.

 

3. Korleis handterer WTO konfliktar – gir det oss meir føreseielege vilkår?

Ei av dei viktigaste oppgåvene til WTO ved sidan av forhandlingane, er tvisteløysing når det blir konfliktar mellom medlemsland. Systemet er basert på klart definerte reglar og tidsrammer for å avslutte saker. Dommen blir gjort av eit panel oppretta for saka. Det er mogleg for eit land å klage på dommen. WTO har også konsultasjonar med medlemslanda som er involvert i ein konflikt før det kjem til panelsak. Inntil januar 2008 hadde 136 av nærare 369 saker nådd panelstadiet. Konfliktane dreier seg om klager på manglande oppfølging av eksisterande WTO-regelverk.

            WTOs konfliktløysingsfunksjon må vel kunne seiast å gi medlemslanda, inkludert Noreg, meir føreseielege vilkår. Noreg har også nytta WTO-domstolen til klager på EUs antidumpingtiltak og importforbod mot selskinn.

 

4. Kva slags handelspreferansar gir EØS?

EØS-avtala gir i utgangspunktet fri fly av alle varer mellom Noreg og EU. Når vi sa ja til EØS-avtala, sa vi samtidig ja til å opne grensene for varer og tenester frå EU og fekk innpass for våre varer og tenester på EU-marknaden. Vi vart del av EUs indre marknad. Viktige unntak for den frie flyten innan EØS-avtala er landbruksvarer og fiskeprodukt. Desse er regulerte gjennom eigne protokollar og artiklar i EØS-avtala. Dette gir ein meir avgrensa marknadstilgang for desse varene, men likevel betydelege kvotar.

            Landbruksvarer er regulert gjennom EØS-avtalas artikkel 19 og protokoll 3. Artikkel 19 slår fast at EU og Noreg skal tilstrebe seg å gradvis liberalisere handelen med landbruksvarer. Det skal ifølgje artikkelen skje innanfor dei respektive lands landbrukspolitikk og på gjensidig fordelaktig basis. Sidan 1998 har EU auka sin eksport til den norske marknaden med 118 prosent, målt i verdi. Under siste forhandlingsrunde, vedteken av Stortinget våren 2011, vart importkvoten på ost utvida til  7200 tonn. I tillegg vart det forhandla fram ei avtale om importkvotar på 900 tonn storfé, 800 tonn kylling og 600 tonn gris som vil bli del av ei eventuell ny WTO-avtale. Noreg har også kvotar inn til EU, men desse kvotane har ikkje ført til mykje eksport frå Noreg til EU.

            Protokoll 3 i EØS-avtala regulerer handelen med tilarbeidde landbruksvarer, som sausar og supper og pizza. Avtala går i hovudsak ut på å utjamne skilnadene i råvareprisar mellom EU og Noreg. I prinsippet er det altså frihandel mellom Noreg og EU med dei varene som er på lista, men med kompensasjon for ulike råvareprisar.

            Protokoll 9 i EØS-avtala regulerer handel med fisk og fiskeprodukt. Denne protokollen gir tollette for til dømes torsk, sei, hyse og kveite. Men EU har halde på tollen for laks, makrell, sild, reker, kamskjell og sjøkreps.

 

5. For kva varegrupper gir EØS preferansar utover WTO – og kor viktige er dei?

Ein fri flyt a la EØS gir naturlegvis ikkje WTO-avtala. WTO-avtala regulerer marknadstilgang for handel med industrivarer (Non Agricultural Market Access – NAMA) inkludert fisk, og landbruksvarer gjennom eigne avtaler.

            WTO regulerer marknadstilgangen for industriprodukt inkludert fisk gjennom reglar for toll, der kvart medlem har laga bindingslister for sine varer. I listene oppgjer medlemslandet maksimumsgrenser for toll, som dei pliktar seg til å følgje (bundne tollsatsar i bindingslister). WTO regulerer i tillegg andre former for marknadshinder gjennom eigne avtaler: Her finn vi mellom anna regulering av antidumpingtiltak, opphavsreglar, rammer for hygienereglar og subsidier på fisk. Noreg har allereie nytta seg av antidumpingregelverket mot EUs anklagar om dumping av norsk fisk. I 2006 opna Noreg tvisteløysingssak mot EU, som vart vunnen i 2007.

            Toll på industriprodukt for industriland vart etter Uruguay-avtala kutta med 40 prosent, frå eit gjennomsnitt på 6,5 prosent til eit gjennomsnitt på 3,5 prosent. Kvart land har bindingslister med toll for kvart enkelt produkt. Det vil seie at ein må gå inn i kvar enkelt tolltarifflinje for å finne den spesifikke tollen for til dømes EU på ei bestemt vare. Listene endrar seg også med nye forhandlingar og justeringar. Det er difor krevjande å gjere ein fullstendig samanlikning mellom WTO-avtala og EØS-avtala, og ikkje noko som er mogleg i ein kort artikkel.

            Ser vi på ei viktig vare som fisk, der EU utgjer over 60 prosent av den norske eksportmarknaden, gir EØS-avtala Noreg preferansar inn til EU-marknaden på enkelte produkt. Likevel gir protokoll 9 vern for EU på verdifulle varer som norske styresmakter set si lit til at WTO skal tvinge EU og andre medlemsland til å redusere tollen på i framtidige forhandlingsrunder:  

 

«Viktige fiskeslag som reker, sild, makrell, laks, kamskjell og sjøkreps får imidlertid ikke toll-lettelser gjennom EØS-avtalen. Norske eksportører av disse varene møter derfor de samme tollrestriksjoner som eksportører fra land som ikke har frihandelsavtaler med EU. Generelle tollreduksjoner for reker og bearbeidede produkter av laks, sild og makrell som resultat av WTO-forhandlingane vil følgelig være av stor betydning for norske fiske-eksportører.»1

 

Norske styresmakter og representantar for norske fiskeeksportørar trekk altså fram WTO som løysinga der EØS-avtala med protokoll 9 ikkje gir nok marknadstilgang. Dei ventar at ei eventuell ny WTO-avtale skal gi den marknadstilgangen dei ikkje får gjennom EØS-avtala. Men for det fyrste er det usikkert om det blir ei ny WTO-avtale i næraste framtid, for det andre har studiar frå Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) og Stiftelsen for Næringslivsforskning (SNF) vist at sjølv med sterk liberalisering vil ikkje anslått eksportverdi av oppdretts- og villfisk auke med meir enn 1 mrd kr. I 2007 utgjorde totaleksporten 37 mrd kr. Det vil seie at valutasvingingane gir større endringar enn den 3 prosent gevinsten ei ny WTO-avtale gir.2

            WTO har eigne reglar for bilaterale og regionale avtaler. I prinsippet skal alle medlemsland i WTO få same handsaming, men inngåing av bilaterale og regionale avtaler medfører unntak frå denne regelen. Avtalene blir meldt inn til WTO.

            Ved eventuell bortfall av EØS-avtala vil EU og Noreg inngå kompensasjonsforhandlingar. Uansett veit vi at EU ofte fjernar eller set ned toll fordi dei treng produkta.  Vi vil difor ikkje falle tilbake på ei minimumsavtale med EU berre basert på WTO-regelverket.  Resultatet av forhandlingane blir ein politisk kamp mellom EU og Noreg, der sluttresultatet er ukjent. Frihandelsavtala frå 1973 mellom Noreg og EU må også takast med i dette biletet. Noreg forhandlar i tillegg avtaler gjennom EFTA som gir marknadstilgang på nye marknader.

            I prinsippet kan du altså seie at EØS-avtala gir betre marknadstilgang begge vegar enn WTO. WTO-avtala blir ein «botnplanke», der EØS-avtala gir ekstra marknadstilgang på toppen. Men for viktige varer som landbruk (for importpress) og fisk (for ynskje om auka eksport) er vareflyten regulert. Den gir likevel i dag betre marknadstilgang mellom EU og Noreg enn WTO-avtala, men dette kan endre seg med ei eventuell ny WTO-avtale.

 

Note

1) Utanriksdepartementet: «Forhandlingene om markedsadgang for industrivarer (NAMA)», http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/tema/handelspolitikk/wto/wto---doha-runden/forhandlingene-om-markedsadgang-for-indu.html?id=446702

2) Christian Anton Smedshaug: Kan jordbruket fø verden?, Universitetsforlaget 2008.

CorePublish publiseringsløsning