Søk

Du er her:

Verktøylinje

Jolahelsing

Her finn du leiar Nils T. Bjørkle si jolahelsing i Bondebladet 51/52.

Bondelagsleiar Nils T. Bjørke, foto: Mats Olsen.For meg har det vore ein uvant situasjon å bu i Oslo gjennom heile veka, sidan årsmøtet i Bodø i juni. Kanskje ikkje kvar dag, kvar veke: eg har lagd stor vekt på å koma i kontakt med medlemmane gjennom reiser og møter. Eg er svært glad for alle dei gode innspela eg har fått, alle dei gode diskusjonane me har hatt og alle dei engasjerte menneska eg har møtt dette første halve året som leiar i Norges Bondelag.

Eg opplever bonden som bonde: det er ikkje så stor forskjell, enten bonden kjem frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane eller Akershus. Det er store forskjellar i driftstilhøva til den einskilde, men alle eg møter har eit stort hjarta for norsk landbruk – ein ekte kjærleik til norsk mat. Eg opplever at mange har ein tung kvardag der i først og fremst er økonomien som er den tunge børa – økonomien som grunnlag for å kunne gjera naudsynte investeringar i drifta, økonomien som grunnlag for at neste generasjon skal sjå at det er mogeleg, ønskjeleg og naudsynt at me framleis kan produsera mat over heile landet.

Samstundes opplever eg at styret som eg er leiar for, har kome godt i gang med arbeidet sitt. me har lært kvarandre å kjenna, og som reidskap for framtida for landbruket i Norge er det samstundes viktig at me er i stand til å ha ærlege diskusjonar om kva tiltak som er naudsynte i kampen for at arbeidet bonden legg ned i kvar bygd landet over skal verta verdsett.

Me har framleis ei stor utfordring i å få politikarane våre til å omsetja gode tankar og visjonar for norsk landbruk til verkemidlar og økonomi. Det er der innsatsen vår skal liggja – fram mot jordbrukstingingane neste år, og i åra framover.

Det stundar mot julehøgtida, og eg må ærleg innrømma: det skal verta godt å få nokre dagar heime. Roa seg ned, kose seg saman med huslyden, med juletradisjonar, god mat – og husdyrstell. For meg er det ein av dei gode juletradisjonane å ta husdyrstellet i jula. For oss er det slik at når me har gjort kva vi kan for at dyra skal ha det godt, då kan me feira jol.

Samstundes ynskjer eg at den einskilde i landbruket vårt og samfunnet elles, skal få nokre dagar utan det daglege, travle kvardagslivet. Dagar til å tenkje seg om, til å vere saman med huslyden og vener. Sjølv ynskjer eg meg ei kvit jol, slik at me kan få både ein skitur og ein sledetur.

Samstundes vonar eg at kvar og ein av oss sender eit jolakort i tankane til yrkesbrør og systre i andre land. Det er tøft å vera bonde i mange land i verda, og mitt fremste ynskje for høgtida er at produksjonen av mat skal verta høgare verdsett – i Norge og i resten av verda.

 

CorePublish publiseringsløsning