Søk

Du er her:

Bondelaget sine ambisjonar for norsk landbruk

Publisert 20.10.2011

”Auka mat- og energiproduksjon basert på norske ressursar". Det er ambisjonen Bondelaget sitt årsmøte spelte inn til den nye landbruks- og matmeldinga. Norges Bondelag er ikkje i tvil om at nøkkelen for å nå ambisjonen om auka matproduksjon, er betre lønsemd for bonden, skriv Nils T. Bjørke i ein kronikk.

Foto: Per Ole Ranberg

”Auka mat- og energiproduksjon basert på norske ressursar”.  Det er ambisjonen Bondelaget sitt årsmøte spelte inn til den nye landbruks- og matmeldinga. Om 20 år vil vi vere ca ein million fleire innbyggarar i Noreg. Vi har eit ansvar for å nytte eige ressursgrunnlag for å produsere mest mogleg mat til eige folk. Det er ikkje utan grunn at ein del lands regjeringar sikrar framtidig matforsyning til eige folk gjennom å kjøpe opp areal i u-land. Å basere framtidig matsikkerheit i Noreg på å kjøpe mat frå verdsmarknaden er usikkert. For å oppretthalde vår sjølvforsyningsgrad på omkring 50 % må produksjonen auke med 20 % dei neste 20 åra. Ein slik produksjonsauke basert på norske ressursar, vil vere ei stor utfordring for norsk landbruk.

Norges Bondelag er ikkje i tvil om at nøkkelen for å nå ambisjonen om auka matproduksjon, er betre lønsemd for bonden. Skal me få dette til er det avgjerande med eit styrka importvern og ei solid inntektsutvikling. Bondelagets forslag til framtidig inntektsmålsetjing for landbruket er: ”Bønder er sjølvstendig næringsdrivande med eit eige ansvar for inntekt. Gjennom landbrukspolitikken må rammevilkåra utformast slik at yrkesutøvaren i jordbruket blir gitt moglegheiter for ei kronemessig lik inntektsutvikling og sosiale vilkår som andre grupper. For å sikre rekrutteringa til næringa, må inntektsskilnadene til andre yrkesgrupper reduserast gjennom låginntektstillegg.” 

Utviklinga i bondens inntekt har vore kronemessig lik andre grupper dei seinare åra. Bondelaget har altså nådd det første delmålet i inntektsmålsetjinga. Isolert sett er dette bra, men problemet er at inntektsgapet til andre grupper er like stort no som då dei raudgrøne overtok styringa i 2005. Bondelaget har hatt klare krav i jordbruksoppgjera om å redusere inntektsgapet vesentleg, men regjeringa har ikkje kome oss i møte. Løft i inntektsnivået er Bondelaget si kampsak nummer ein.

Strukturutviklinga i norsk landbruk går for fort. Eit døme på dette er mjølkeproduksjon, der kvart andre mjølkebruk er lagt ned i løpet av dei 10 siste åra. Hovuddrivkreftene bak strukturrasjonaliseringa er lågt inntektsnivå og teknologiutvikling, men dei ulike regjeringane har også bidrege gjennom å endre verkemidla. Innføring av kvotebørs, auka kvotetak og leige av kvotar på mjølkesektoren er døme på dette. Ein illustrasjon på teknologiutviklinga, er at kvar 5. ku i dag blir mjølka av ein mjølkerobot. Sjølv om både regelverk og teknologiutvikling har stor innverknad, er Bondelaget ikkje i tvil om at det er lågt inntektsnivå som er hovudårsaka til at mange bønder sluttar i næringa. Bondelagets mål er at vi skal ha eit levande landbruk over heile landet, då må inntektsnivået i landbruket hevast. 

Behovet for fornying av driftsapparatet i landbruket er stort og tvingande nødvendig for å sikre rekruttering til næringa. Vi kan ikkje halde fram ei utvikling der det ikkje er mogleg å forsvare investeringar i nye driftsbygningar gjennom ordinære driftsinntekter eller investeringsverkemiddel. Vi som bønder tek gjerne eit krafttak både økonomisk og praktisk når ny driftsbygning skal byggast, men vi kan ikkje leve med at økonomien etter investeringa ikkje går i hop. Bondelagets svar på denne utfordringa er i tillegg til auka løpande inntekter, ei investeringspakke. Vårt krav har vore ein milliard pr år i auka investeringstilskot, avskrivingssatsar i tråd med bygningane si levetid og skattefrie fondsavsetnader. Bondelaget har etter mange års innsats langt på veg nådd målsetjinga når det gjeld avskrivingssatsar. I statsbudsjettet for 2012 har regjeringa foreslått å auke avskrivingssatsane til 6% for husdyrbygningar. Det inneber at ca 90% av bygningen er nedskriven etter 40 år. 

Norges Bondelag har store forventingar til at landbruks- og matmeldinga vil følgje opp vårt krav om auka matproduksjon basert på norske ressursar.  Det er også avgjerande at regjeringa tek inn over seg at inntekt er det viktigaste verkemiddelet for å nå denne ambisjonen. Vi ser fram til ein konstruktiv debatt om korleis vi skal sikre eit levedyktig og mangfaldig landbruk over heile landet i framtida!

 Av Nils T. Bjørke, leiar i Norges Bondelag 

Kronikken stod på trykk i Nationen 20. oktober 2011.

Av: Guro Bjørnstad

CorePublish publiseringsløsning