Ein bonde hadde for ei tid tilbake skilt ut ei tomt og gjeve tomteeigaren vegrett på gardsvegen. Den utskilde eigedomen vart etter kvart selt. Bonden hadde beite for storfe på den eine sida av vegen. Dei nye eigarane meinte at når kyrne kunne gå fritt på vegen, hindra dette bruken av vegretten og kyrne var dessutan ei fare for dei som nytta vegen.

Tomteeigarane bad lensmannen om eit gjerdeskjønn etter grannegjerdelova. Lensmannen nekta å fremma skjønnet. Han viste til at saka ikkje gjaldt gjerde mellom eigedomar og at grannegjerdelova difor ikkje kunne nyttast. Tomteeigarane anka avvisinga, men både tingretten og lagmannsretten forkasta anken.

 Ankeutvalet i Høgsterett meinte at grannegjerdelova kan nyttast også mellom ein eigar og nokon som har ein bruksrett (servitutt) på eigedomen. For at grannegjerdelova skal gjelda må det likevel vera tale om ein bruksrett som gjev innehavaren noko nær det same rådveldet over det aktuelle området som ein eigar har, t.d. ein beiterett. Ankeutvalet kom til at ein bruksrett til veg er ein mykje meir avgrensa rett og at granngjerdelova ikkje gjeld. Følgjeleg forkasta utvalet anken.

Eg gjer særleg merksam på at grannegjerdelova uansett berre gjeld når ikkje anna fylgjer av serlege rettshøve, t.d. avtale, uskiftingsdokument, skulddelingsforretningar o.l.. Lova gjeld heller ikkje gjerdehald ved offentleg veg og jarnbane.

Du finn grannegjerdelova her